- Eg er veldig glad for å vere på plass her på ikoniske Høddvoll. Det er ei stor ære for meg. Dette er noko eg har gleda meg stort til heilt sidan eg fekk vite at eg hadde fått jobben, seier Oddmund Davik Otterlei til Vikebladet Vestposten.

Han har vore i den nye jobben som dagleg leiar i rundt ei vekes tid, men føler at han allereie er ein del av gjengen på Høddvoll-huset.

- Så definitivt. Her er det mange herlege folk, med både administrativ og fotballfagleg erfaring og tyngde, så her har eg det godt, seier han.

Du kan lese eit lengre intervju med Otterlei i laurdagsutgåva av Vikebladet Vestposten, då han er vekas laurdagsprat.