Hødd møtte Langevåg i Sunnmørshallen søndag. Kampen enda 3-0 til Hødd etter scoringar av Eirik Heltne, Jørund Widnes Johansen og Hans Olav Rise. Det stod 0-0 ved pause etter at Langevåg hadde vore bra med på notane. I andre omgang pressa Hødd høgt og fekk to raske scoringar - og produserte mange sjansar. Tredje målet kom mot slutten av kampen. Hos Hødd viste forsvarsfiraren, Steven Urke, Vegard Moltubakk, Anders Gaustad og Erlend Torseth solide takter. Anders Gaustad var banens beste spelar. Hødd vann den første kvalifiseringskampen mot Valder 5-0 og står no med 6 poeng og 8-0 i målforskjell. Neste søndag står Ørsta for tur.