I helga vart det halde ei kretslagsturnering i fotball i Sykkylven mellom gute- og jentekretslaga til Sogn og Fjordane, Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre (f. 1991). Mellom dei som får skryt for innsatsen sin på Sunnmøre Fotballkrets si nettside er Hødd-spelarane Anders Gaustad og Maren Moldskred. Sunnmøre gutekretslag, som blir trena av Kenneth Moldskred, vann 5-1 over Nordmøre og Romsdal, men tapte 1-2 mot S&F. Sunnmørsjentene spelte 2-2 mot Sogn og Fjordane, men tapte 1-3 for Nordmøre og Romsdal.