Hødd gjekk opp til 1-0 rett før pause (44. min.) då Anders Vaagen vart felt innanfor 16-meteren. Erik Sandal sette straffa sikkert i mål. Men i andre omgang sleppte heimelaget gjestene inn i kampen igjen, og Morten Ravlo utlikna etter 67 minutt. Likevel var det ikkje ufortent då Hødds bestemann, Fredrik Klock, sette ballen i mål etter frispark vel 10 minutt før full tid.

Fakta

Høddvoll, 2. div. Hødd - Levanger 2-1 (1-0) Mål: 1-0 Erik Sandal (straffe, 44), 1-1 Morten Ravlo (67), 2-1 Fredrik Klock (79). Hødd: Deinoff, Værnes, Eid, Klock, Stavseng, Vaagsholm (Edinsen, 90.), dos Santos, Sandal, Pedersen (Lie 84.), Hoseth, Vaagen (Paulsen, 55).