Hareid sine OL-deltakarar Audun Garshol og Trine Pilskog skulle delta under opninga av det nye stadionanlegget på Hareid i dag fredag 25. oktober. No blir det berre eit innearrangement på klubbhuset for spesielt inviterte. Foto: Anne Gry Eilertsen

Områdeleiar for kultur i Hareid, Oddbjørn Grimstad, seier at det dermed ikkje blir noko av toget frå sentrum og opp til stadion - og heller ikkje nokon aktivitet på nyeanlegget. Det var bl. a. planlagt ein 100-metersduell mellom Audun Garshol og 11-åringen Simon Holstad Grimstad, stafettar, korpsmusikk, presentasjon av friidrettsgruppa og matsal.

- Alt dette får vi ta igjen til våren, seier Oddbjørn Grimstad.