Futsal er eigentleg eit spansk ord og tyder "hallfotball". Hos oss kjenner vi fenomenet som "innandørsfotball" eller five-a-side-fotball. Det blir hevda at futsal kom til Norge som opprør mot Drillo-stilen. Futsal er først og fremst for teknikarar med lågt tyngdepunkt. Fysiske utskeiingar som glidetaklingar og skuldertaklingar er ulovlege, og det er ingenting som heiter offside. Avtroppande formann i det norske futsalforbundet, Pål Jørgen Nilsen, fortel at mellom 30.000 og 50.000 nordmenn er med i futsal på topp- og breidde-nivå. Kvart år blir det kåra fem regionale meistrar, som deltek i eit futsal-NM-sluttspel. I fjor gjekk Oslo-laget Haugerud Futsal til topps. Det er først og fremst geografien som hindrar Sunnmøre i å slenge seg med på futsal-lasset for fullt. Den norske eliteserien er nemleg bygt opp rundt dei fem største byane Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim og Kristiansand. Alle desse byane har eigen regional eliteserie med 10 deltakarlag. Dei laga som har flest poeng etter fem turneringshelgar - og dermed har vunne den regionale avdelinga - får plass i NM-sluttspelet. Dei to siste åra har dette sluttspelet gått i Kristiansand. Under NM-sluttspelet blir også vinnarane av futsal-seriane i Stockholm og København inviterte - og det blir halde eit sluttspel om den skandinaviske meistertittelen. Nilsen seier at det er på tale å utvide seriane og få i gang ein landsserie - utan at det er bestemt noko endeleg. Kanskje bør Nordvestlandet då få ein eigen regional eliteserie? Nettstaden futsal.no gir god informasjon. I kampane, som er over 1 x 14 minutt, har kvart lag fire utespelarar og keeper på bana om gongen - og inntil sju innbyttarar. Systemet er elles mykje det same som i ordinær fotball. Dei to som kjem sist på tabellen i dei fem regionale eliteseriane rykker ned. Nykomarane til eliteseriane er slike lag som har kvalifisert seg poengmessig gjennom breiddeturneringar som t.d. Coca Cola-turneringane til NFF. Nilsen seier at det ikkje er noko i vegen for å danne lag andre plassar enn i dei fem kjerneby-områda - men sidan turneringane foregår i desse fem byane, må distriktslaga finne seg i ein del lange reiser. I teorien står alle fritt til å danne futsal-lag, men dei laga som får plass i eliteserien er underlagt eit strengt reglement med spelar-registreringar og økonomiske plikter. Dei første futsal-turneringane i Norge vart avvikla i Bergen i 1998. Etter to turneringar (Bergen Indoor) dette året auka tuerneringstalet til seks det andre året, alle i Bergen. Først i 2001 kom Trondheim, Stavanger og Kristiansand med - medan futsal-feberen i dag er absolutt størst i Oslo.