For Hareid var det viktig at Kim-Tore Husøy var tilbake i rekkene. "Kimmen" skora to av Hareid-måla (det eine på straffe). Robert Ulfstein og Martinus Røyset Bakken ordna dei to siste - Martinus si skoring kom tre minutt før full tid - på stillinga 3-3 - og vippa alle tre poenga i Hareid sin favør. Det er første gong på sju år at Hareid har slått Brattvåg i Brattvåg. Hødd2 leverte ein bra kamp i 1-2-tapet mot Volda. Preben Sætre skora målet, medan Sivert Heltne Nilsen vart utpeikt til banas beste spelar. Men det hjelpte ikkje. Volda vann - og det var greitt nok etter den gode 2.-omgangen deira. I neste serierunde skal Hareid møte Herd heime, medan Hødd2 får besøk av Brattvåg på Høddvoll. Resultat denne serierunda: Godøy - Valder 5 - 2 Rollon - Spjelkavik 2 - 3 Volda - Hødd2 2 - 1 Brattvåg - Hareid 3 - 4 Herd - Norborg 7 - 1

Matchvinnar for Hareid: 16 år gamle Martinus Røyset Bakken. (Arkivfoto)