Torsdag ettermiddag vart det klart at Vard Haugesunds Eirik Ulland Andersen vert Hødd-spelar ut sesongen.

Same dag var han på si første Hødd-trening, og inntrykket hans av klubben er bra så langt.

- Det verkar som ein veldig fin gjeng. Eg har allereie fått eitt bra inntrykk på den korte tida eg har vore her og eg gler meg til å kome i gang med treninga, sa nysigneringa før torsdagstreninga.

Ein ny kvardag

Med éin kamp mindre spelt enn dei andre laga, ligg Vard Haugesund nest sist på tabellen i Adeccoligaen etter den 17. serierunden med berre 10 poeng.

Andersen har derimot eit godt minne frå sist han var i Ulsteinvik. Då var han nemleg med på å slå Hødd 2-0 på Høddvoll.

- Ja, eg har ei god historie her frå før, så det skal bli gøy å få ei ny utfordring og spele for eit litt betre lag. Og ikkje minst skal det bli artig å kjempe om opprykk i staden for nedrykk, vedgår han.

Å kome til Hødd vert derfor ei dramatisk endring i kvardagen til den unge kantspelaren.

- Det er jo ei litt anna målsetting her oppe enn det eg er vand med frå Vard, så det ser eg fram til å ta fatt på.

Kreativ

Kantspelaren har erfaring frå Tippeligaen med FK Haugesund, men legg vekt på at det var i tida hans etter returen til Vard Haugesund han utvikla seg mest som fotballspelar.

20-åringen håpar at det han har lært i Vard kan styrke Hødds offensive kvalitetar.

- Eg kan bidra med bra offensivt spel og ser på meg sjølv som ein kreativ spelar med ein bra høgrefot, skildrar han.

- Det kan tenkast at du skal fylle tomromet til Pål André Helland. Kva tenkjer du om det?

- Det tenkjer eg ikkje så mykje på. Eg tenkjer på meg sjølv og det som eg er god på. Så håpar eg at det er godt nok til å hjelpe Hødd, slår han fast.