Hødd-damene spelte måndag kveld 1-1 borte mot Træff i 2.-divisjon.

Det såg ut som Molde-laget ville stikke av med sigeren, men like før slutt utlikna Mari Heggen med eit langskot.

Hødd meinte dei burde ha vunne kampen, men eitt poeng var greitt nok.

Les meir om kampen i torsdagsnummeret.

Poenget i Molde betyr at Hødd framleis ligg på tredjeplass i avdeling 6, med fem poeng ned til Tynset - som har éin kamp til gode. Tabellen.

Laurdag spelar Hødd siste vårkamp borte mot serieleiar Byåsen.