- Vi har hatt møte med alle spelarane på utgåande kontrakt og fortalt dei om prosessen vidare. No har vi landa eit nytt styre, som sjølvsagt har vore eit prioritert arbeid, og vi ønskjer også at eit nytt trenarteam skal få meisle ut A-stallen for neste år, seier André Nevstad.

Snarleg trenaravklaring

Og det nye trenartemet ser ut til å vere rett rundt hjørnet.

- Ein kan aldri garantere noko, men det ser ut til at vi skal klare å lande ting i løpet av første halvdelen av neste veke, seier Nevstad.

Han fortel at det då truleg er snakk om eit komplett trenarteam, og at ein då vil kunne kome igang med det resterande arbeidet, som mellom anna inneheld å finne ut korleis ein ønskjer at Hødd-troppen skal sjå ut neste sesong.

- Men vi må ta ting i rett rekkjefølgje, seier Nevstad. Han legg til at målet no er å få på plass nyetrenaren i løpet av den komande veka, og at ein håpar å få gjennomført nye samtalar med spelarane på utgåande kontrakt i løpet av første halvdel av desember.

Les også: Håpar på snarleg svar (for abonnentar)