Det stadfesta Hødd på si heimeside onsdag. Den nye datoen blir då torsdag 13. juni.

Kampen skulle eigentleg spelast 21. april, men grunna dårleg baneforhold vart Ski stadion stengd for all aktivitet. Tredjerundekampen vil difor kome inn mellom runde 11 og 12.

Den utsette kampen gjer at Hødd får eit heller tøft kampprogram i juni. Søndagen før kampen kjem Vard Haugesund på besøk til Høddvoll, medan neste kamp er berre tre dagar seinare - mot Ullensaker/Kisa.