Sidan 2001 har Flø IL årleg arrangert five-a-side-turnering for breiddelaga på Søre Sunnmøre. Turneringa har som regel gått første helga i februar. Dei siste åra har også Åram/Van.kam. hjelpt til med arrangementet.

Sidan Ulsteinhallen skal rivast og erstattast med ein ny og større hall blir nok Sparebanken Møre-cup i 2013 den siste i noverande hall.

Turneringa i 2013 går 1. og 2. februar. I eit skriv melder arrangementssjefane Odd-Arne Seljeset og Ole Theodor Hovden at dei ønskjer å ha med 16 herrelag og åtte damelag.

Åram/Van.kam. har vunne herreklassen fire av dei fem siste åra, pluss i 2005. Ingen andre har vunne denne klassen meir enn éin gong. Dei einaste frå Hareidlandet som har gått til topps er Brandal og SUFH.

Hødd har vunne dameklassen fire gonger, sist i 2008. I fjor var Bergsøy 2 best av damelaga.

Bjørnar Veddegjerde frå Flø IL er mestscorande spelar gjennom historia med over 70 mål.

Odd-Arne "Odden" Seljeset har vore så sentral rundt Sparebanken Møre Cup at mange kallar turneringa "Oddencup". Arkivfoto: Jon Gjerde