– Det er vi stolte av. Samarbeidet mellom UVS og Hødd er unikt, smiler Einar Magne Skeide og Bård Ringstad.
Begge er tilsette ved skulen. Skeide er lærar i idrett og økonomi, medan Ringstad er avdelingsleiar for idrett, økonomifag og service og samferdsel. Begge har også roller i Hødd.
– Eg deltok på cupfinaleseminaret før sjølve finalen. Der snakka eg med fleire som synest Hødd er heldige som har ei idrettslinje som ligg så nær. Ofte er det stor avstand mellom basen til ein toppklubb og den nærmaste vidaregåande skulen. Slik er det ikkje her. Idrettslinja nyt godt av Hødd, og Hødd nyt godt av idrettslinja, meiner Einar Magne Skeide.
15 av 24
Av dei 24 spelarane som var faste i Hødds a-stall heile eller halve 2012-sesongen har 15 gått på UVS. Vegard Heltne og Ørjan Håskjold Nyland gjekk på allmennfag (sistnemnde med utdjuping i fotball). Steffen Moltu, Thomas Lid Kleppe, Christian Mork, Eirik Heltne, Ruben-Kenneth Brandal, Ørjan Engen Grimstad, Espen Standal, Martin Haanes, Sivert Heltne Nilsen, Jan Lennart Urke, Bendik Torset og Andreas Rekdal har gjennomført idrettslinja ved skulen, medan Fredrik Aursnes er om lag midtvegs ut i same utdanning.
Ikkje berre Hødd
Det betyr at 63 % av årets Hødd-stall har gått på skulen, av dei 54 % på idrettslinja. Alle dei 15 nemnde spelarane er frå Søre Sunnmøre.
– Det er viktig å presisere at idrettslinja ikkje berre er for Hødd-spelarar. Mange spelar på andre lokale klubbar og blir betre spelarar der ved å følgje opplegget til idrettslinja. Dette er ei regional linje, forklarer Bård Ringstad.
Atter andre når høgare enn nivået Hødd har spelt på. Gode døme på idrettslinjeelevar som har spelt i Tippeligaen er Arild Sundgot, Magnus Myklebust, Joachim Magnussen og Erika Skarbø. Sistnemnde har også vore landslagsspelar. Myklebust og Sundgot har blitt norgesmeistrar med Lillestrøm.
Idrett i 18 år
Arild Sundgot var elev ved det aller første idrettskullet på UVS, tilbake i 1994. Før linja såg dagens lys var det ein dragkamp mellom Ulstein og Volda om kvar ho skulle liggje. Det heile enda med at Ulstein fekk idrett, medan utdanninga for medie- og kommunikasjon hamna i Volda. Det er truleg både UVS, Hødd og fleire andre lokale klubbar glade for i dag.
– Tidlegare hadde vi ein del elevar frå Ålesund-området, men no er det ikkje så mange att derifrå – sidan liknande linjer har blitt starta der. Majoriteten av elevane våre kjem frå Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda, fortel Einar Magne Skeide og Bård Ringstad.
Fleire idrettselevar
Skeide har vore tilknytt idrettslinja heilt sidan ho vart starta, medan Ringstad kom inn i 2002. Utviklinga viser fleire elevar, noko som gir betre grunnlag for topp og breidde. Dei første åra hadde skulen éin idrettsklasse per kull. Sidan 2002 har skulen hatt to eller éin og ei halv klasse per kull. Elevane kan spesialisere seg innan fleire forskjellige idrettsgreiner. Mange vel fotball. Snittet dei siste åra ligg på mellom 60 og 70 fotballspelar-ar totalt. Ungdommane har to faste praksisøkter i fotball per veke, pluss éi som anten er praktisk eller teoretisk.
– At vi er så mange gir oss moglegheita til å dele inn fotballspelarane i tre forskjellige grupper etter ferdigheitsnivå. Dei beste blir samla og får på den måten ein god utviklingsarena mot å bli toppspelarar, forklarer Skeide og Ringstad.
Lokalt = billeg
Som Hødd-mann opplyser Einar Magne Skeide at klubben har ei målsetjing om at minst 50 % av a-stallen skal bestå av lokalt utvikla spelarar. Årets lag som vart norgesmeistrar har 67 % om vi tel med Søre Sunnmøre og Ytre Nordfjord. Så spørst det om Hødd klarer å halde oppe den prosentandelen i åra som kjem.
– Å rekruttere spelarar sjølve er mykje billegare enn å gå ut og hente eksternt, seier Skeide.
Det er tydeleg at UVS er stolte over at så mange elevar er ferske norgesmeistrar og har vore eller er elevar ved skulen. Men som Skeide og Ringstad presiserer:
– Vi må vere dyktige også i framtida. Vi kan ikkje kvile no ...