Robin Shroot scora kanskje sitt viktigaste mål i Hødd-drakt då han sundag utlikna til 1-1 i kampen mot Brann. Målet var briten sitt første etter returen frå Sogndal, og med utlikninga tende han håpet om at Hødd skulle kunne klare tre poeng og kvalifiseringsplass.

- Fotball er morosamt på den måten. Du må alltid vere klar dersom sjansen dukkar opp. Uansett om ein spelar frå start eller kjem inn så må ein vere klar dersom ein får sjansen. I dag klarte eg heldigvis å levere når eg fekk moglegheita, fortel Robin Shroot i pressesona på Brann stadion, medan lukkelege Hødd-spelarar passerer i bakgrunen.

Shroot gjorde det meste sjølv då han fekk ballen ute på sidelinja. Briten tok med seg ballen framover, passerte Brann-stoppar Jonas Grønner enkelt før han frå fem-seks meter sende ballen inn bak Piotr Leciejewski i Brann-målet, og samstundes sende om lag 500 blåkvite på bortetribunen til himmels.

- Eg scora slike mål då eg var yngre. Då eg vaks opp så såg eg mykje på Ronaldinho og spelarar som var så sikre på seg sjølv i ein-mot-ein situasjonar. Første tanken min når eg fekk ballen var derfor "mål", smiler Shroot.

Hødd kom til kampen med vissheita om at den kunne blir Sindre Eid sin siste som hovudtrenar i klubben, sidan han skal gje seg etter sesongslutt. No blir det minst ein kamp til for Eid.

- Du ser det på alle kjenslene som blir vist frå spelarane og frå støtteapparatet. Ein ser kor mykje denne kampen betydde for oss.

Då vi snakka med Shroot fekk han vite at Hødd spelar kvalifisering heime på Høddvoll komande sundag.

- Vi kan gå heile vegen. No er det litt som eit lotteri, men vi må ha trua på at vi kan klare det. Vi var ute av kvalifiseringa då det var 20 minutt att av kampen, men vi kom tilbake. Det er derfor vi spelar fotball, for å spele på stadionar som denne kvar veke. Å feire saman med fansen som vi kunne i dag betyr alt, då har ikkje pengar eller status noko å seie. Ingenting kan slå det å stå saman med dei fantastiske supporterane etter ein kamp vi har vunne, avsluttar Shroot.