Etter ein bra vårsesong har Hødd skaffa seg eit godt utgangspunkt før hausten i 3.-divisjon kvinner på Sunnmøre. Laget har framleis til gode å tape denne sesongen og har tre poengs luke ned til Volda på andreplass.

I løpet av sommaren har også Hødd fått inn det som kan vise seg å verte ei svært spanande forsterkning, då Ragnhild Ertesvåg er tilbake i klubben etter fire år i Bergen. Der har ho mellom anna spelt 3,5 sesong for 1.-divisjonslaget Åsane og Ertesvåg kjem tilbake til Hødd med erfaring få andre i troppen kan skilte med.

Ertesvåg fortel at det i utgangspunktet har vore planen å returnere til Ulsteinvik, og til Hødd, heilt sidan ho flytta til Bergen for å studere.

– Ja, det har eigentleg det. Han eg er saman med er også herfrå, så då blei det naturleg, fortel ho.

Framleis har ho eitt år igjen av lærarutdanninga, men det siste året blir tatt ved Høgskulen i Volda.

Mykje erfaring

Då Ertesvåg flytta til Bergen prøvde ho seg først ein halv sesong i Sandviken, før det blei spel i Åsane frå sesongstart 2015.

– Eg føler at eg har tileigna meg ganske mykje erfaring i løpet av desse åra og eg håpar at eg kan bidra med det i Hødd, fortel Ertesvåg.

Ho var ein sentral spelar på Hødd dei to siste sesongane før ho flytta til Bergen. Med dei erfaringane ho har plukka med seg frå spel i 1.-divisjon bør nok Ertesvåg også kunne bli ein viktig bidragsytar etter returen til gamleklubben.

Då Ertesvåg var i Hødd sist spelte laget i 2.-divisjon. Brukbart nivå, men det vart likevel eit steg opp då ho skulle spele seg inn i ein 1.-divisjonsklubb.

– Det var litt tøft i starten, men fordi eg hadde ein halvsesong i Sandviken først og kom til Åsane i januar, så fekk eg nokre månadar i klubben før serien starta. Det gjorde at det gjekk ganske greitt, men det er temmeleg stor forskjell på 2.-divisjon og 1.-divisjon. Eg fekk heldigvis spele mykje, så det har vore kjekt, fortel Ertesvåg.

Må lære laget å kjenne

Var det spesielle område du måtte jobbe med for å ta nivået?

– Det fysiske var heilt klart det tøffaste. Det krev ganske mykje å spele i 1.-divisjon, men det kom seg etter kvart og når du trenar med folk som er betre så blir det automatisk enklare.

Dei eigenskapane kan truleg Hødd ha god bruk for i det som er ein ung førstelagstropp.

– Målet er å kunne bidra, men Hødd har levert ein veldig god vårsesong og har spelt inn eit lag, så eg må gjere meg fortent til plassen. Det er jo nesten ingen av dei som er her no eg har spelt med før, så eg må lære meg å kjenne dei, fortel Ertesvåg.

Unge og gode

Siste kampen ho spelte for Hødd var i august 2014. Frå den kamptroppen er det berre Caroline Overvåg, Ellen Nerland Aahjem og Gro-Elise Aksnes som framleis er i Hødd.

– Eg veit jo kven spelarane er, og har trent litt med dei somrane når eg har vore heime. Det er mange unge, gode spelarar og eg trur det blir veldig bra, seier Ertesvåg.

Sist ho spelte i Hødd var klubben fast inventar i 2.-divisjon, men no er dei blåkvite inne i sin andre sesong på fjerde nivå.

– Vi høyrer heime i 2.-divisjon og målet er å rykke opp, slår Ertesvåg fast.

Skal Hødd kome seg opp att og stabilisere seg i 2.-divisjon igjen, kan nok laget med fordel ha fleire etablerte spelarar i troppen, men kva skal til for å få fleire at damespelarane til å halde fram med fotballen?

– Det er vanskeleg, men eg trur kanskje at når både eg, Caroline og Erika er med, så vil andre også tenkje at det går fint å byrje på att. Det kan vere litt utfordrande å kome inn i gruppa dersom alle er ti år yngre enn deg. Det er vanskeleg å seie kva ein kan gjere, men det hadde vore kjekt å få inn nokre til med meir erfaring. Så får heller vi som er «eldre» prøve å huke dei inn.

Positivt: Jesper Törnqvist og André Nevstad meiner det er svært positivt å få Ragnhild Ertesvåg tilbake til Hødd. Foto: IL Hødd Fotball.