Tore Johan Ytre-Hauge spelar fotball på Hareid i 2012. Foto: Ingunn Røyset/arkiv

Like før jul skreiv Åram/VanKam på si heimeside at Tore Johan Ytre-Hauge er ein av spelarane dei jobbar med å knyte seg til før 2012-sesongen.

Diverre for ÅVK og til glede for Hareid har Ytre-Hauge no gjort det klart at han skal representere Hareid også i 2012, ifølgje Hareid IL sin nettstad.

Den tidlegare vanylvskameraten melde seg inn i Hareid før 2005-sesongen, og var med for fullt fram til han reiste til Australia vinteren 2008. Han spelte nokre få kampar for Hareid både i 2008 og 2009, men flytta så "endeleg" tilbake til Sunnmøre.

I 2010 og 2011 har 31-åringen vore kaptein for a-laget. Mange vil seie at denne spelaren i sin sentrale midtbaneposisjon er "hjernen" i Hareid-laget. Til saman har Ytre-Hauge 150 a-kampar for Hareid.

- Tore Johan har både familie og ein krevjande jobb. Men han har lovd å bli med så mykje han kan i det nyleg påbegynte året. Det er viktig når vi no skal spele på eit høgare nivå enn i fjor, skriv Hareid IL.