Det var tidlegare webredaktør Einar Orten Trovåg for Hareid-fotballen som kom på namnet då Bergsøy rykte ned frå 3.-div. i 2006 - og Hareid-Hødd2 var det einaste lokaloppgjeret i denne kommunen.

Vi må heilt tilbake til 2004 for å finne siste gong Hareid vann dette oppgjeret i Ulsteinvik. Heile 5-1 vart resultatet.

Denne sesongen rykte Hødd2 ned. I 2006 vann Hødd2 heimekampen 3-2. I 2007 vart resultatet 5-4 og i 2008 3-1.

I 2009 vann Hødd2 denne kampen 3-1.

Sidan Hareid har toppskorar Kim-Tore Husøy ute med karantene i denne kampen, er Hødd2 utan tvil store favorittar. Hareid får etter solemerke heller ikkje med midtbanegeneralen Tore Ytre-Hauge.

Så Hødd2 er utan tvil favorittar til å ta sin femte strake siger over Hareid på Høddvoll.