Det er venta eit yrande liv i solbakkane opp på Saudehornet, og kanskje blir over tusen glade mosjonistar traskande oppover fjellsidene medan storløparane raser forbi i rekordfart. Vil det bli ny rekord? Det er tradisjon for at dei beste bakkeløparane i Norge stiller til start på Saudehornet Rett Opp, og den nybakte norske meisteren Jon Tvedt og regjerande europameister Anita Håkenstad Evertsen stiller også i år. I jaget etter nye rekordar spring dei opp fjellsider godt trena mosjonistar har meir enn nok med å forsere i roleg gange. Herrefeltet er også i år svært sterkt, medan det framleis er enno relativt få påmelde i dameklassa, noko som burde motivere lokale løparar til å stille opp. I år blir Tvedt blant anna utfordra av sølvvinnaren frå NM, Øyvind H. Sundby, mens den tsjekkiste orienteringsløparen Eva Jurenikova vil utfordre Håkenstad Evertsen. Store pengepremiar motiverer sjølvsagt til rekordjag, men både Tvedt og Evertsen innrømmer at dei kjem til Ørsta på grunn av den positive ramma rundt arrangementet. Håper på deltakar-rekord Siri Dahl i arrangørkommitèen håper på rekordmange på toppen av Saudehornet i år. - Det er først og fremst eit familiearrangement der vi i stadig sterkare grad ynskjer å legge til rette for å gje store og små ei positiv oppleving. Løypa blir i år ekstra godt merka og det er lagt ned eit stort arbeid i å sikre tryggleiken i og rundt løypetrasèen. Her skal alle føle seg trygge! Samtidig legg vi vår sjel i ei triveleg premieutdeling på hamna på ettermiddagen. Eit sterkt familiekonsept saman med eliteløparar som spydspissar er også det vi i samråd med vår hovudsponsor Sparebank1 VoldaØrsta, har lagt som grunn for den nyteikna treårs-avtalen. Vi ynskjer å bygge opp eit arrangement ørstingane skal sjå fram mot og vere stolte av. Men samtidig er det viktig å ha kjente namn som skaper blest i media og som gjer løpet kjent også utanfor kommunegrensa. Store uttrekkspremiar Det er i år lagt ekstra vekt på god premiering til mosjonistane og hovudpremiane for uttrekking er i år ei varmepumpe frå Egset Ventilasjon AS til 26 000 kroner, samt at småbåtlaget gir tre sjekkar på 5000 kroner. Arrangørane håper dette vil vere ein ekstra motivasjon for mosjonistane, men også eit signal om at dei ynskjer at løpet skal vere ein fjellfest der elite-løparar og mosjonistar samlast. Potensielle deltakarar kan stille spørsmål eller melde seg på via nettet på heimesida www.saudehornet.no eller per telefon om de ynskjer ta turen frå fjøresteinane ved Ørsta småbåthamn og opp på 1303 meter over havet med utsikt over sunnmørsalpane sine djupe fjordar og spisse tindar, avsluttar Siri Dahl.