Etter to kampar der Hødd har kome bakpå frå start, kunne Sindre Eid laurdag gle seg over at laget ikkje sleppte til ei einaste moglegheit bakover.

Medan Hødd-spelarane starta restitusjonsarbeidet på sykkelsetet etter kampen, fekk Hødd-trenaren dommen over kampen frå mor si, som hadde lagt turen til Høddvoll denne våte laurdagsettermiddagen. Ho meinte Hødd burde ha punktert kampen allereie i den første omgangen og at dei blåkvite allereie då burde ha scora fem mål.

– Det som er veldig gledeleg i dag er at vi er på frå start. Eg er veldig fornøgd med at vi går ut og tek tak i kampen frå start, fortel Eid.

Solid generalprøve

For det var ikkje slik då Hødd møtte Herd og Molde. Då vart det tidlege baklengsmål i begge kampane, men mot Førde hadde Hødd svært god defensiv kontroll kampen gjennom.

– Vi gjennomfører 90 solide minutt, det er ikkje fantastisk, men det er solid. Vi held nullen og har vel 14–0 i målsjansar. Det er ei solid generalprøve! slår Eid fast.

Og der Hødd var solide, men ikkje veldig effektive før pause, så kom også fleire mål i den andre omgangen. Det sjølv om dei fleste spissane til Hødd såg kampen frå tribuneplass.

– Det er kjekt at folk kjem inn og fyller rollene på ein bra måte. Badr (Rahhaoui) fekk seg ei scoring og mot slutten scorar også Elias (Flø) sitt første, så det er kjekt.

Må vere dyktige bakover

5–0 i generalprøven er absolutt godkjent av Hødd, og sjølv om det etter kvart kom bra med scoringar, så var det bakover Hødd la grunnlaget for sigeren.

– Vi har scora ti mål siste to kampane, men dersom vi skal vere med i toppen og helst heilt inn, så er det ein del av spelet å halde nullen også, sjølv om vi sjølvsagt ønskjer å score bra med mål. Dei laga som har rykt opp siste åra har sleppt inn veldig lite mål, og vi må vere dyktige bakover. Det er ein viktig del av spelet vårt og i dag var vi der vi ønskjer å vere, fortel Eid.

Hødd-trenaren trur laget hadde godt av kampen mot Herd på tysdag, der ikkje alt fungerte. Eid meiner det såg ut til at spelarane hadde lært av feila som vart gjort då.

– Det er ikkje så farleg å gjere feil. Det viktigaste er at ein lærer av dei og gjer seg erfaringar. Vi tok lærdom av det og gjennomførte ein solid kamp i dag.

No har han og laget ei veke på å førebu seg til bortekampen mot Stjørdals-Blink, Hødd leverte varene mot Førde, men motstanden blir nok tøffare og det står heilt klart meir på spel når seriestarten går neste laurdag.

– Eg synest vi ser bra ut ei veke før seriestart, men vi veit at treningskampar er ein ting og at det blir noko heilt anna neste helg. Det er ingen som hugsar denne kampen dersom vi ikkje presterer neste laurdag, men den er grei å ha med seg, avsluttar Eid.