Hødd-trenar Sindre Eid var slett ikkje fornøgd med at laget berre klarte 1-1 borte mot Vålerenga sitt andrelag laurdag.

- Kva skal eg seie, anna enn at dette var skuffande både når det gjeld prestasjon og resultat. Det er nesten ikkje til å fatte at vi ikkje klarte å vinne, når vi ligg der vi ligg på tabellen, seier han.

Målet til Hødd var det Steffen Moltu som sørga for då han heada eit hjørnespark frå Bendik Rise i mål like før pause.

Kampen var sjansefattig, men Hødd var det førande laget spelemessig.

Etter 77 minutt utlikna så Vålerenga 2 ved Marcus Victorio.

- Alle bør vere misnøgde med denne kampen, seier Eid på spørsmål om han ikkje såg eit einaste lyspunkt i dei to omgangane.

- Det er sjølvsagt lov å ha ha ein dårleg kamp. Men vi har ingen grunn til det- vi har førebudd oss godt, trent godt og lada godt opp, seier Eid.

Men det var vel eit lyspunkt at keeper Ole Monrad Alme gjorde ei god redning rett før slutt og sikra eitt poeng..?

- Jau, ok, det var sjølvsagt positivt, at vi tek med oss eit bortepoeng heim.

Etter sytten spelte kampar i årets 2. divisjon ligg Hødd på andreplass bak Skeid. Begge laga har 35 poeng. Komande laurdag kjem laget som ligg på tredjeplass, Egersund, til Høddvoll.

- Eg håper vi kan bruke dagens vonbrot til å slå frykteleg tilbake på laurdag. Det er mange viktige kampar no utover, så det er viktig at folk kjem og støttar laget. No treng vi kvarandre, alle som er glade i Hødd, seier Eid, som rapporterer om svært trykka stemning i bussen på veg heim laurdagskvelden.

Fekk du ikkje sett kampen? Då kan du sjå den i opptak her: