Heimelaget MSIL gjekk opp i leiinga etter 39 minutt ved Marius Brækkan. Målet kom etter ein overgang. MSIL la seg lågt i bana og satsa på lange ballar og kontringar. Hareid sleit lenge med å avslutte angrepa sine farleg nok, men lukkast to gonger i minutta før pause. Først utlikna Kim-Tore Husøy på eit langskot. Deretter slo Husøy ein ball i bakrommet som Thor-Ove Brekke kontant heada i nettmaskene.

Fem minutt etter pause auka Husøy leiinga til 3-1 etter nok eit langskot. Keeperspelet var rett nok ikkje heilt patent ved dette høvet. Hareid hadde brukbar kontroll første del av 2. omgang utan å glitre. MSIL sette inn eit visst press utover i omgangen, men fekk det vanskeleg då Brekke heada inn 4-1 ni minutt før slutt. Husøy slo den målgjevande corneren. Fire minutt seinare reduserte MSIL ved Erlend Sunde. Fleire mål vart det ikkje. Hareid tok ein fortent 4-2-siger i ein på papiret vanskeleg bortekamp.

Kampfakta4.-divisjon runde 3MSIL - Hareid 2-4 (1-2)Mauseidvåg kunstgrasTilskodarar: Ca. 35Mål: 1-0 Brækkan (39), 1-1 Husøy (41), 1-2 Brekke (45), 1-3 Husøy (50), 1-4 Brekke (82), 2-4 Sunde (85)Dommar: Bjørn Ivar Bondeli, VigraGule kort: To til MSIL, ingen til HareidHareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork - Joachim Moldskred, Ørjan Engen Grimstad (K), Lars Andreas Dahlen Folkestad, Joar Møller (Ole André Kragset 68) - Hiwa Alipoor (Antoni Gardshol 64), Martin Mork Breivik, Kim-Tore Husøy, Thor-Ove Brekke (Eiliv-Tore Howlid 84) - Christer Adrian Mork (Ivar André Aadland 82), Georg Eikrem Olsen