- Dette er stort. No kan eg døy lykkeleg, smiler Nilsen i samtale med Vikebladet Vestposten.
- Korleis hadde du det på sidelinja?
- Eg var relativt roleg. Målet var å stå imot dei første 15 minutta, få Tromsø frustrerte og få publikum mot dei. Eg kan ikkje seie at vi lukkast fullt ut med det, men vi fekk nokre overgangar inn mot pause. Vi skapte eit par sjansar og fekk 1-0. Så klarte vi å stå imot lenge. Det var tøft at dei fekk 1-1 heilt på tampen der, men vi fekk krefter igjen etter utlikninga. Eg synest vi spelte ganske bra då, og vi kom oss til ekstraomgangar. Der vart det ein stillingskrig. Så vart det straffesparkkonkurranse. At Andreas fekk avgjere er eit eventyr. Ingen i Norge har jobba hardare enn han for å bli frisk, oppsummerar Nilsen.
- Korleis opplevde du å vinne cupfinalen?
- Korleis skal eg forklare det? Å sjå gutane springe mot fem-seks tusen sunnmøringar. Nei, eg veit ikkje. Det var fantastisk og uverkeleg. Men no må eg fare..., sa ein stressa Hødd-trenar like før avreise til Ulsteinvik.