I vår tapte Hødd 3-1, men spelte ein god bortekamp mot Byåsen. Då Trondheimslaget kom til Høddvoll søndag, var det berre fem av Hødd sine spelarar frå den kampen som også spelte i den siste kampen denne sesongen. Det seier litt om utskiftingane Hødd har vore nøydde til å gjere utover hausten.

– Vi er inne i eit slags generasjonsskifte igjen, og det er mykje nytt, fortel trenar Ole Per Kragset etter kampen mot den suverene avdelingsvinnaren.

Det var også tydeleg at Byåsen-laget som stilte på Høddvoll ikkje hadde planar om å lette på gassen i siste serierunde. Kragset skjemta med at han håpte bortelaget ville spare nokre spelarar, men Byåsen stilte med så godt som toppa mannskap og tok også kommandoen i kampen.

I strålande haustsol pressa Byåsen høgt og prøvde å bryte opp spelet til heimelaget frå start. Medan dei første fem minutta ikkje førte med seg dei store sjansane, fekk Hødd ei vanskeleg oppgåve med å sette sitt eige spel.

Mange stolpetreff

Etter 16 minutt hadde Byåsen hatt to avslutningar i stolpane bak Amalie Brandal Kragset, men stolpane og keeper heldt ballen ute til det var spelt 31 minutt. Då klarte ikkje Kragset lenger å halde buret reint etter ei god avslutning i det lengste hjørnet.

Berre nokre få minutt seinare var Byåsen på ny på veg gjennom forsvaret til Hødd. Kamilla Lillefjære vart spelt fri inne i Hødd sin 16-meter og kunne enkelt plassere ballen i det opne målet. Litt ruskete forsvarsspel og Hødd var plutseleg to mål bak i løpet av ein periode på fem minutt.

– Defensivt har vi stort sett bra struktur og ligg bra gjennom store delar av første, men vi er litt uheldige på nokre av måla, meiner Ole Per Kragset.

Trenaren fekk sjå at Hødd-jentene sleit med å kome til dei store sjansane, med Ellen Nerland Aahjem som den som kom nærast, då ho fullstendig trilla ball i hatt med Byåsen-forsvaret.

Om lag ti minutt ut i den andre omgangen fekk Ingvild Sæther Ringstad ein av Hødd sine største sjansar. Godt spel på venstrekanten førte til at Ringstad fekk ballen sju meter frå mål, men både det første skotet og returen vart blokkerte.

På andre sida av bana måtte Amalie Brandal Kragset fleire gongar trå til for å stoppe Byåsen, og også i den andre omgangen fekk ho hjelp frå stolpane.

Dribleraid

Medan Kragset gjorde mykje bra bakover, var det Nerland Aahjem som fekk vist seg mest fram offensivt. Forsvararane til Byåsen såg til tider svimle ut der dei ikkje klarte å henge med på dei mange raida hennar oppover venstrekanten, men verken Aahjem eller dei andre Hødd-spelarane klarte å finne nettmaskene.

I staden slapp Mathea Hovde til for bortelaget etter 66 minutt, før Carina Nygård punkterte kampen då ho fekk stå heilt åleine i feltet på ein corner.

Kampen enda 0-4, og Hødd hamnar då på ein 5.-plass denne sesongen.

– Vi møter det beste laget i avdelinga, dei kjem med det beste mannskapet dei har og trykker til frå start, seier Kragset, som likevel fann ein del å glede seg over.

– Det er mange gode prestasjonar frå fleire spelarar, og det er noko å byggje vidare på til neste sesong.

Med sju-åtte spelarar i minus frå tidlegare i sesongen, har det blitt speletid på fleire 15-åringar denne hausten.

– Vi må gjere det beste ut av det laget vi har til ei kvar tid, slår Ole Per Kragset fast.

Kampfakta:

2.-divisjon kvinner avd. 6 runde 20Hødd - Byåsen 0-4 (0-2)Høddvoll grasMål: 0-1 Hovde (31), 0-2 Lillefjære (34), 0-3 Hovde (66), 0-4 Nygård (73)Dommar: Rolf Jarle Eldevik, Ellingsøy ILGule kort: Ingen

Hødd:  Amalie Brandal Kragset - Benedikte Nevstad, Silje Holstad, Ellen Nerland Aahjem, Gro Elise Aksnes, Susann Kragset, Ingvild Sæther Ringstad (Amalie Ringstad 85), Mari Heggen(k), Hanna Urke Møllerstad, Ingrid Måseide (Monica Koppen 75), Siril Amalie Rusten (Astrid Oline Roppen 36)

*** Ellen Nerland Aahjem** Amalie Brandal Kragset* Mari Heggen