- Eg synest egentlig vi speler ein grei kamp. Når ein tenkjer på at vi har sleppt inn tre mål, så forstår eg ikkje heilt det. Det er litt marginar imot og vi får to straffer imot oss, og då er det klart at det blir vanskeleg, men eg synest likevel vi spelar ein bra kamp. Det er litt uforståeleg, seier Eirik Ulland Andersen.
Hødd sin bestemann borte mot Strømmen var frisk også mot Sandefjord, men Hødd fekk ikkje utteljing før det var for seint heime på nye Høddvoll. Heimelaget leverte ein klart betre kamp enn sist, men resultatet var likevel det same. Null poeng.
- Vi tok tak i oss sjølve etter Strømmen-kampen, og det synest eg vi viser i dag. Vi spelar med ein heilt anna energi og ser ut som at vi har lyst å vinne. Vi spring for kvarandre. Og så går det ikkje vegen likevel, men om vi held fram slik som dette, så kjem vi til å ta mykje poeng framover, trur Ulland Andersen.
Har mest å hente framover
Hødd har berre klart å halde nullen i ein kamp denne sesongen, i 2-0 sigeren over Sandnes Ulf. Mot Sandefjord blei det tre baklengsmål i den andre omgangen.
- Eg synest nesten ikkje vi slepper til sjansar. Den første straffa synest eg vel heller ikkje bør dømmast på, Hugues er ute for å blokkere eit skot, og ikkje noko å blåse for. Vi slepper ikkje til særleg mykje, men vi slepp inn tre mål, men eg synest vi står mykje betre defensivt enn vi gjorde mot Strømmen.
Ulland Andersen meiner Hødd har meir å hente offensivt.
- Det er ikkje så mykje som manglar, små detaljar og plutseleg så losnar det og då kjem vi til å hamre inn mål. Dei siste små detaljane, men eg har stor tru på at det kjem.