Hødd 2 har starta sesongen med eit stortap borte mot Sogndal 2, før det vart storsiger heime mot KFK. Før tredje runde i 3.-divisjon avdeling 08 hadde laget ein målskilnad på 7-7 etter to kampar, og borte mot Spjelkavik skulle det også bli mange scoringar.

Hødd 2 stilte med to spelarar frå A-troppen, Martin Mork Breivik og Sondre Sandnes Beite, og det elles unge Hødd-laget fekk trøbbel frå start borte mot Vika. Allereie etter fire minutt sende Andreas Stensøe heimelaget i leiinga. Benjamin Skulstad Sunde vart tomålsscorar for heimelaget i den første omgangen og laga gjekk til pause på stillinga 3-0.

Etter kvilen var det Hødd 2 som fekk første scoringa, då Karl Bringsvor leverte ein flott soloprestasjon etter 57 minutt.

Men dette var ikkje dagen for Hødd 2 og Spjelkavik scora to gongar i løpet av kampens 20 siste minutt, slik at sluttresultatet på kunstgraset i Spjelkavika enda 5-1.

Neste kamp for Hødd 2 er heime mot Aalesund 2 komande måndag. Tangotrøyene toppar avdelinga med sju poeng etter tre kampar.

Kampfakta:

Spjelkavik - Hødd2 5 - 1 (3-0)

Spjelkavik kunstgras

Dommar: Rohollah Ahmadzai, Langevåg IL

Gule kort Hødd2: Mattis Ringstad, Daniel Haanes

Mål Hødd2: Karl Bringsvor

Hødd2: Ståle Remøy Pettersen - Martin Mork Breivik, Sveinung Sæterås, Aleksander Rekdal, Mattis Ringstad - Daniel Haanes, Peter Hasund, Elias Flø -  Isak Haanes, Sondre Beite, Karl Bringsvor.