Toralv Opsal frå Dimna IL representerer Norge under U20-VM i friidrett, som starta tysdag i Bydgoszcz i Polen. 18-åringen har ein personleg rekord i tikamp på 7389 poeng sett under mangekamp-NM i Nittedal tidlegare i år.

Før avreise frå Norge sa trenar Arve Hatløy at Opsal truleg kan ta sikte på ei plassering rundt der Karsten Warholm enda då han deltok i tikamp i U20-VM for to år sidan. Då hamna Warholm på ein tiandeplass.

Tysdag morgon starta tikampen med 100 meter, og Opsal leverte ein positiv start i Polen. 18-åringen sprang inn til 11,30 som er årsbeste for Opsal og godt nok til å vinne sitt heat på 100 meteren. Det gav 795 poeng. I det andre heatet var det fleire utøvarar som sprang på betre tider enn Opsal, mellom anna Tristan Freyr Jónsson frå Island, som leverte 10,91 som heatvinnar.

Aller best etter hundremeteren var Rik Taam frå Nederland. Han vann øvinga på 10,81 og tok dermed 903 poeng. Toralv Opsal låg dermed  på ein 13. plass totalt etter første øving.

Lengde

Andre øving under VM er lengde, og der det vart sesongbeste på 100 meteren, sette Toralv Opsal ny personleg rekord i lengdekonkurransen. I sitt første forsøk gjekk Opsal heile 7,11 meter. Også i andre forsøk var han lengre enn sitt tidlegare bestehopp, med 7,09, før det blei 6,98 i tredje forsøk.

Med 7,11 fekk Opsal 840 poeng og vart tredje beste utøvar i si gruppe. I den andre pulja var det tre utøvarar som var betre enn Opsal, og øvinga vart vunne av Johannes Erm frå Estland med 7,42. Opsal enda dermed på ein 6.-plass i lengde.

Med 1635 poeng gjorde Dimna-utøvaren likevel eit byks oppover listene.

Kule

Også i kulestøyt vart det ny personleg rekord for Opsal. Han hadde tre jamne forsøk med 13,56 - 13,73 - 13,54. 13,73 heldt til 712 poeng og ein 11.plass på øvinga. Totalt er Opsal no på ein niandeplass.

I løpet av den første dagen i Polen skal tikjemparane gjennom fem øvingar, før det heile blir avslutta onsdag.