Torsdag hadde Hødd heile fire keeparar i sving ute på kunstgrasmatta på nye Høddvoll. Medan Ole Monrad Alme framleis trenar litt forsiktig etter ein skade i låret, var tre andre i full trening. For saman med Jan-Lennart Urke og Sivert Pieroth trente også den tidlegare Hødd- og Molde-keeperen Ørjan Håskjold Nyland.
Nyland er heime i Volda etter at sesongen i Ingolstadt er over, og brukte han Hødd-treninga til å kome igang igjen før samling med det norske landslaget komande veke.
- Det er første gongen eg trenar på nye Høddvoll, så det var kjekt. Det er godt å kunne halde seg litt igang fram mot samlinga neste veke. Ein må halde forma ved like, slik at eg ikkje kjem til landslagssamling i full feriemodus, smiler Håskjold Nyland.
Frå Høddvoll til Audi Sportpark
Keeperen spelte sin siste kamp i Hødd-drakta i den historiske NM-finalen mot Tromsø. Deretter gjekk turen til Molde, der det blei to nye Cupgull, samt eit seriegull i Tippeligaen.
Sidan Håskjold Nyland spelte i Hødd er det mykje som har skjedd i Ulsteinvik, og dermed er det ikkje lenger så mange kjente ansikt på Hødd-treningane.
- Det er ikkje så mange, nokre spelarar og nokre trenarar. Men Hødd har gjort det bra i åra etter at eg reiste herfrå og det er kjekt å sjå. Det er ein klubb som driv godt. Det er ein fin klubb å utvikle seg i. Det ser ein også no ved at Hødd nyleg selde Fredrik Aursnes til Molde. Her har ein absolutt moglegheiter, seier voldingen.
Sist sommar vart det klart at Håskjold Nyland fekk sjansen i tysk Bundesliga. Då vart landslagskeeperen henta til Ingolstadt.
- Det har ikkje vore så mykje speletid som eg hadde ønskt. Eg har fått sju kampar, og det er sju meir enn ingenting. Eg veit også at eg utviklar meg og det har eg fått vist både i dei kampane eg har spelt og på landslaget. Eg reknar også med at situasjonen endrar seg til hausten, det ser slik ut, og då skal eg vise kvifor eg skal stå der, seier den offansive 25-åringen.
- Eg får oppleve draumen min, som er å spele fotball og kunne leve av det. Det viser at med hardt arbeid og gode prestasjonar så kan ein nå så langt som ein vil, fortel Håskjold Nyland.
Sundag 29. mai spelar det norske landslaget privatlandskamp mot Portugal på Estádio do Dragão.