Grunna sjukdom, skadar, ferie og Norway Cup stilte Hareid med eit litt utforskande lag denne treningskampen. Fleire fekk prøve seg i nye posisjonar. Mellom anna starta Fredrik Andresen og Nikolay Sundgot på backane, medan Emil Johannes Dahlen Folkestad starta sentralt på midten. Berre tre av dei som starta siste vårkamp (som også var mot Emblem) starta denne kampen.
I 1. omgang var Emblem klart best både spele- og sjansemessig. Dei skapte tre store sjansar i tillegg til å score to mål. Etter 21 minutt gjekk dei opp i leiinga etter dårleg press frå Hareid, medan 2-0 kom like før pause. Det kunne sjå ut som det var offside i førekant av målet, men uansett scora ein heimespelar åleine med Håkon Lonbakken.
Hareid kjempa godt, men det vart kanskje litt for mykje nytt på éin gong. Christer Adrian Mork var nær på eit frispark etter 23 minutt, medan Ivar André Aadland fort kunne scora ti minutt seinare. Elles stoppa dei fleste angrepa rundt 20 meter frå Emblem-målet.
Årsdebutantane Nikolay Sundgot (strekk) og Robin Jackson Indreflø (overtrakk) måtte begge gi seg etter 31 minutt. Inn kom Ivar André Aadland (som ikkje rakk kampstart) og Honar Alipoor (a-lagsdebutant).
2. omgang bølgja meir fram og tilbake. Emblem brente ein bra sjanse etter 50 minutt, medan Folkestad var ei god redning unna scoring då 63 minutt var spelt.
3-0 kom då ein heimespelar scora åleine med Vagn Scheide Mork etter 69 minutt.
Hareid hadde nokre brukbare forsøk då kampen nærma seg slutten. Like før full tid vart Georg Eikrem Olsen felt inne i 16-meteren, men straffa frå Christer Adrian Mork gjekk i stonga og ut.
Alt i alt ein varierande kamp av Hareid. Det viktigaste var uansett å komme i gang på full bane før alvoret startar.
Hareids beste spelar var Eiliv-Tore Howlid.
Eigentleg skulle Hareid fått besøk av Rollon fredag, men dei kan ikkje stille lag. I staden ser det ut som Vartdal blir motstandar på Hareid stadion måndag. Første 4.-divisjonskamp i haust går fredag 9. august mot Blindheim.
Ref. HIL
KampfaktaTreningskampEmblem - Hareid 3-0 (2-0)Emblem kunstgrasTilskodarar: Ca. 15Hareid (4-4-2): Håkon Lonbakken (Vagn Scheide Mork 46) - Fredrik Andresen, Antoni Gardshol (Einar Orten Trovåg 79), Eiliv-Tore Howlid (K), Nikolay Sundgot (Honar Alipoor 31) - Robin Jackson Indreflø (Ivar André Aadland 31), Emil Johannes Dahlen Folkestad, Joachim Røyset, Georg Eikrem Olsen - Hiwa Alipoor, Christer Adrian Mork.