Søndag blir den historiske 2012-sesongen avslutta med TV-sendt bortekamp mot Bodø/Glimt. Sesongen er sjølvsagt historisk fordi Hødd skal spele NM-finale 25. november. I serien har dei siste to tredelane vore gode, men det som skjedde i april og mai (tre poeng på åtte kampar) gjer at Hødd likevel kan rykkje ned med maks uflaks i siste runde. Skal det bli nedrykk må Hødd ta færre poeng enn Bryne og Tromsdalen søndag, samtidig som Strømmen slår Ranheim borte.

– Vi er veldig lystne på å avgjere dette sjølve. Heile denne veka har vi innstilt oss på å spele ein god bortekamp mot Bodø/Glimt og slå dei der oppe, slik vi unngår å må ha hjelp frå andre lag, seier Lars Arne Nilsen til Vikebladet Vestposten.

– Ein thriller

Med unntak av oppgjeret mellom Kongsvinger (ligg planta midt på tabellen) og Sarpsborg 08 (blir nummer to) har alle kampane i den siste runden noko å seie for kva lag som rykkjer ned og hamnar på dei fire kvalifiseringsplassane.

– Det kan fort skje at speaker opplyser om at det blir mål til nedrykksrivalane i dei andre kampane. Det må vi berre takle. Vi ønskjer sjølvsagt å unngå tidlege baklengsmål mot Glimt. Og om resultata i dei andre nedrykkskampane går vår veg har vi jo uansett eit ansvar opp mot dei andre laga som kjempar om kvalifisering. Det blir ein thriller av ei sesongavslutning med mange spennande kampar, varslar Nilsen.

Og legg til at alle Hødd-interesserte endeleg kan følgje laget på vanleg TV i sesongens siste kamp.

Svak bortestatistikk

Er det noko som talar for at det blir meir spennande søndag enn Nilsen og Hødd ønskjer, må det vere laget sin skrale bortestatistikk i år. Faktisk tok Hødd tre fleire poeng heime i år enn i fjor. Men mot 20 bortepoeng i 2011 står Hødd berre med seks så langt i år.

– Vi har vore nokre prosent for svake på bortebane i år. Flyten har mangla. Vi har rett nok spelt nokre gode bortekampar på gras. Både mot Sandefjord og Bryne presterte vi bra, trass i tap. Og kvartfinalen mot FK Haugesund gjekk jo på gras. På kunstgras har vi ikkje fått det heilt til. Så får vi sjå om det kan endre seg søndag, seier Lars Arne Nilsen.

Til Bodø laurdag

Hødd reiser oppover til Bodø tidleg laurdag morgon. På føremiddagen tar dei seg ei økt på Aspmyra-kunstgraset.

– No når vi har komme oss på rett side av streken vil det vere veldig skuffande om vi mistar Adeccoliga-plassen i siste runde. Men om vi står skal vi vere ufatteleg glade søndag klokka 15.00, varslar Hødd-trenar Nilsen.

Som spøkjefullt legg til at Hødd-leiren skal setje seg på eit fly langt, langt vekk ein stad og deretter plutseleg dukke opp på Ullevål 25. november om det skulle bli nedrykk til 2.-divisjon.

Ladar opp heime

I motsett fall blir det vanlege treningar på Høddvoll fram til finalen.

– Vi har sett kvarandre kvar einaste helg og dag over ei lang tid no og kunne sikkert trengt ein pause frå kvardagen slik sett. Men om vi held plassen skal vi klare å samle nok energi til å trene og lade opp på vanleg måte her heime. Med tanke på sjansane til å trene på gras ligg vi gunstig til her oppe klimatisk sett, seier Lars Arne Nilsen.

Men før cupfinalen skal stele alt fokuset frå Hødd-leiren blir det viktig å avslutte serien med stil, uavhengig av resultata i dei andre kampane.

Du kan følgje Bodø/Glimt–Hødd live på vikebladet.no frå klokka 12.45 søndag.

Andre relavante kampar søndag:

* Ull/Kisa - Bryne

* Ranheim - Strømmen

* Alta - Tromsdalen

Les også:

* Sjekk Hødd-troppen

* Kampen går på TV

* Hødd ligg gunstig til

* Heltne-helten ti kilo lettare