Kampens første store sjanse kom etter berre tre og eit halvt minutt. Eit godt angrep på Moldes venstresida enda med at Emmanuel Ekpo fekk stå aleine rundt Hødds 16-meter. Skotet hamna derimot langt over målet.

Eit innlegg frå høgreback Magne Simonsen ti minutt seinare kunne fort ha blitt farleg, men Andreas Lie fekk kasta seg fram og bokse vekk ballen framfor panneluggen til Daniel Chima Chukwu.

Etter 20 minutts spel prøvde Simonsen å slå inn nok ein gong frå høgre. Ballen gjekk via ein uheldig Hødd-forsvarar, og kunne fort ha skrudd seg inn i målet. Hødd slapp likevel unna med litt tur.

Sandal-skåring

Ei skummel klarering nokre minutt seinare vart snappa opp av Chukwu, som sette i gang ein overgong. Spissen prøvde å tre gjennom Jo Inge Berget, men ein dårleg touch av sistnemnde gjorde at sjansen rann ut i sanden.

Like før kampen hadde blitt 38 minutt gamal fekk Pål André Helland setje fart på Hødds høgreside. Etter å passert Knut Olav Rindarøy la trøndaren inn til Erik Sandal som vart med i angrepet. Midtbanespelaren klemde til på første og limte ballen nede i hjørnet.

Minuttet seinare førte klabb og babb inne i feltet til at Espen Standal fekk losne av eit skot like utanfor femmeteren, men avslutninga gjekk nokre meter utanfor.

Molde meir med

Om lag seks minutt ut i den andre omgangen kunne Chukwu ha utlikna for bortelaget, men han var ein skotupp unna å pirke eit innlegg frå Moström i mål.

Chukwu ville absolutt gjere noko med resultatet og klemde til frå skrått hald etter timen spelt. Skotet gjekk derimot rett i grepet til keeper Andreas Lie.

Molde spelte seg meir og meir inn i kampen i løpet av den andre omgangen, men det mangla det vesle ekstra i avslutningsfasen.

Joachim Magnussen kunne ha avgjort kampen for Hødd dryge ti minutt før slutt, men han fekk ikkje losna av og prøvde heller å sentre. Spissen fekk ballen like fort tilbake og klemde til. Skotet gjekk midt på Nyland.

Overtidsmål

I det klokka viste fire minutt på overtid fekk Magnus Wolff Eikrem ein fot på ballen inne i Hødds 16-meter, og som sneik seg inn ved Lies venstre stolpe. Moldensaren sørgja derfor for speleforlenging.

Moldes Agnaldo prøvde å skru ballen over Lie om lag åtte minutt ut i første ekstraomgang, men sisteskansen hadde full kontroll på ballen. Langt skumlare var det når Magnussen kom først på eit innlegg frå Fredrik Aursnes. Uheldigvis for angrepsspelaren gjekk headinga på feil side av stolpen.

Nytt overtidsmål

Ingen av laga klarte å overliste keeperane i den første ekstraomgangen(, og det gjekk sakte, men sikkert mot straffesparkkonkurranse).

Det ville Even Hovland gjere noko med. På eit innlegg frå Moldes venstreside kom Even Hovland først på ballen og plasserte lærkula i motsett hjørne.

I eit siste forsøk prøvde Hødd å setje midtstoppar Steffen Moltu opp som spiss. Det gav til slutt resultat. På eit hjørnespark i siste speleminutt kom Akeem Latifu først på ballen og sørgja for straffesparkkonkurranse på Høddvoll.

Straffesparkdrama

Straffesparkkonkurransen starta bra for begge lag, og både Hødd og Molde skåra på sine første fire straffer.

Så kom bommane i tur og orden. Ingen av dei neste fire straffene resulterte i mål. Då Joachim Magnussen bomma på Hødds sjuande straffe, hadde Daniel Chima Chukwu sjansen til å avgjere kampen. Den sjansen tok han godt vare på.

Det vart difor inga reprise av fjoråets cupsuksess for Lars Arne Nilsens mannskap denne gongen.

KampfaktaNM 3. rundeHødd – Molde 6-7 etter straffer (2-2 e.e.o.) (1-1) (1-0)HøddvollTilskodarar: 3413 selde billettarMål: 1-0 Erik Sandal (38), 1-1 Magnus Wolff Eikrem (90+4), 1-2 Even Hovland (112), 2-2 Akeem Latifu (120)Straffekonk:3-2 Latifu3-3 Hovland4-3 H. Nilsen4-4 Ekpo5-4 Heltne5-5 Agnaldo6-5 Aursnes6-6 TripicBOM RekdalBOM Wolff EikremBOM GrodåsBOM RindarøyBOM Magnussen6-7 Chukwu

Dommar: Tommy Skjerven, Kaupanger IL – 6Gule kort: Sivert H. Nilsen, Victor Grodås, Hødd. Zlatko Tripic, Daniel Chima Chukwu, Agnaldo, Molde.

Hødd (4-2-3-1): Andreas Lie – Akeem Latifu, Jesper Jörnqvist, Steffen Moltu, Victor Grodås – Fredrik Aursnes – Pål André Helland (Andreas Rekdal, 55), Erik Sandal (Vegard Heltne, 81), Joachim Magnussen – Espen Standal (Bendik Torset, 73)

Molde (4-4-1-1): Ørjan Nyland – Magne Simonsen, Even Hovland, Magnar Ødegård, Knut Olav Rindarøy – Emmanuel Ekpo, Daniel Berg Hestad (Magnus Wolff Eikrem, 46), Etzaz Hussein (Agnaldo, 58), Mattias Moström – Jo Inge Berget (Zlatko Tripic, 62) – Daniel Chima Chukwu

Les også:

* Nesten cuphelt

* -Ut med heva hovud