Sist Hødds rekruttlag møtte Herd, sat veslebror Pål Hofset Skeide på benken og såg at storebror Havtor banka laget hans 4–2 i Ålesund. I kveld spelte dei mot kvarandre for første gong etter at Havtor melde overgang til Ålesundsklubben.
Torsdag kveld bar yngstemann kapteinsbindet for Hødd. At begge brørne var på banen samtidig var eit spesielt møte for begge to.
– Ja, det var veldig kjekt det. Berre synd det ikkje vart så mange duellar oss i mellom, seier ein nøgd storebror.
– Eg prøvde å hinte til at eg skulle spele høgreback slik at vi hamna på same side, men det vart det dessverre ikkje noko av, svarar Pål.
To kjappe
Det skulle ta berre 10 minutt før kampen første skåring skulle kome. Etter eit innlegg frå Herds høgreside ruva Scott Fellows høgast i lufta, og stanga inn 1–0 for gjestene.
Knappe fem minutt seinare dobla Vegard Bruland leiinga, etter at han skrudde ballen rett i mål frå eit hjørnespark.
Like før pause gjorde Robin Hjelmeseth ein råsterk jobb med å halde spelande trenar Amund Skiri unna, og spelte så Nils Erik Engen gjennom på blank hald. Engen takka og bukka og sette ballen sikkert i målet.
Fire dødballmål
Det hadde ikkje gått meir enn sju minutt av den andre omgangen før bortelagets Eirik Kampenes vart feia ned av keeper Jan-Lennart Urke innanfor Hødds sekstenmeter. Dommar Tor Ove Myrseth peika bestemt på straffemerket, og Eirik Dalhus gjorde ingen feil frå kritmerket.
Nokre minutt seinare var Kampenes på farta igjen, og drog seg forbi Urke. På noko spektakulært vis klarte Henrik Gjengår å klarere ballen via tverrliggjaren, noko alle trudde ville ende med eit sjølvmål. Prestasjonen hausta derimot applaus frå publikum.
Ytterlegare sju minutt seinare sikra same mann sigeren for kvittrøyene då han omsette eit hjørnespark til mål med ei kontant heading frå kloss hald.
At alle måla Hødd slapp inn kom på dødballar, meiner Hødd-kapteinen er uhaldbart.
– Det er rett og slett ikkje godkjent. Så det er noko vi må jobbe med og bli betre på, stadfestar Pål.
– Grei gjennomkøyring
Trass i at det enda med eit 4-1-tap, prøvde trenar Kenneth Moldskred å sjå etter det positive frå kampen.
– Vi skåra eit fint mål og spelte i periodar god fotball. Vi makta ikkje å stå i mot dei dødballane dei fekk, men det var ei grei gjennomkøyring for dei fleste, seier Moldskred.
Allereie til helga ventar det ny motstand for Hødd-rekruttane, ettersom laget reiser til England fredags morgon. Det er noko Pål ser fram til.
– Det blir veldig spanande, og litt spesielt. I fjor møtte vi mellom anna Crystal Palace, og i år skal vi møte Stoke, Leicester og Nike Premier Academy. Spesielt mot Stoke må vi ta oss opp i duellspelet, hintar midtstopparen.
Kampfakta
Hødd2 – Herd 1–4 (1-2)HøddvollTilskodarar: om lag 80Mål: 0–1 Scott Fellows (10), 0–2 Vegard Bruland (15), 1–2 Nils Erik Engen (39), 1–3 Eirik Dalhus (52), 1–4 Dalhus (59)Dommar: Tor Ove Myrseth, FK SykkylvenGult kort: Petter Holand
Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke – Mathias Grimstad (Mats Øvrebotten, 74), Markus Hjorthaug, Pål Hofset Skeide, Torvald Ringstad (Eirik Bringsvor, 74) – Henrik Grimstad, Tobias Vibe, Henrik Gjengår – Nils Erik Engen, Robin Hjelmeseth, Alexander Eksund (Håkon Orten Trovåg, 63)
Heider:
*** Henrik Gjengår
** Henrik Grimstad
* Mathias Grimstad