Dei siste kampane har Hasundgot heva seg etter ein svak start på sesongen.

Før onsdagens kamp mot tabelljumbo Ravn har kvittrøyene vunne to strake kampar (mot Sunnylven/Stranda II og Ørskog) med ein målforskjell på 11-1.

Sist laga møttest vart Hasundgot sende heim med null poeng og fire baklengsmål.

I år er sjansane for revansje truleg store, sidan laget frå Vatne ser ut til å vere svekka i forhold til fjorårssesongen og berre har tatt tre poeng på åtte kampar.

Resten av runden:

I går: Sunnylven/Stranda II - Åmdal 2-7

I dag: ÅVK - Sæbø, Vartdal - Ørskog, Stordal - Hovdebygda

Torsdag: MSIL - Vigra

Tabellen