Eirik Ulland Andersen stod for Hødd sitt mål, og igjen var det på eit nydeleg frispark. Hødd-publikummet frydar seg over å ha skotfoten til kantspelaren som eit reelt angrepsvåpen.

- Det starta bra no, så vi får håpe det held fram, sa Ulland Andersen sjølv etter kampslutt.

Når det gjeld sjølve kampen var ikkje 23-åringen heilt nøgd.

- Det vert ein typisk seriestart, litt smånervøst og litt tregt. Det vert ikkje heilt slik vi skal spele, men uavgjort får vere eit greit resultat slik kampen blir. Vi skulle gjerne sprudla litt meir, angripe litt meir og hatt litt meir tempo i det vi gjer, men vi får ta det på kontoen for seriestartnervar, sa han etter kampslutt.

Hyllar spelestilen til Eriksen

Nysignerte Eirik Skaasheim var naturleg nok skuffa over at det ikkje vart siger i dagens seriekamp heime mot Bryne, men hylla spelestilen til Hans Erik Eriksen.

- Til sjuande og sist er det kanskje fortent at det ikkje vert meir enn eitt poeng, men det er skuffande. Eg føler vi har god kontroll på kampen, men slepp til litt for mykje unødvendig, sa Skaasheim etter kampslutt.

Høgrebacken vart signert på lån frå Sogndal like før det norske overgongsvindauget stengde, og gjekk rett inn i startoppstillinga.

- Eg kom opp hit fordi eg ønska å spele meir fotball. Dette var den andre fulle kampen min for året, så det var veldig kjekt å kome i gong igjen. I dag mangla vi dessverre det siste overraskingsmomentet der vi opna det heilt opp. Vi har til tider noko på gong, men til slutt ebbar det ut i ingenting fordi vi er for upresise, meinte Skaasheim om dagens kamp.

Trass uavgjort var Skaasheim svært fornøgd med den nye spelestilen han har vorte introdusert for under Hans Erik Eriksen: - Eg tek meg sjølv i å smile sjølv om det berre vart uavgjort, for fotballen vi spelar under Hans Erik er vanvittig kjekk å vere med på. Det er utviklande og veldig kjekt for oss som er på bana, sjølv om det til tider kanskje kan bli litt frustrerande for dei som ser på, sa 23-åringen om spelestilen under Hødd sin nye trenar.

- Mykje å gle seg til

Sjølv om spelarane likar den nye spelestilen, var det nok fleire blant publikum som var skuffa over uavgjort i opningskampen. Skaasheim trur likevel at det er mykje å glede seg til framover for alle med blått hjarte.

- Forhåpentlegvis løftar vi oss nokre hakk vidare frå i dag. Eg har høyrt at vi har tatt store steg spelmessig denne vinteren, så om vi kan fortsette med det er det mykje vi kan gle oss til, avslutta Skaasheim.

Også Eirik Ulland Andersen synst det var godt å kome i gong med teljande kampar igjen.

- Det har vore ein lang vinter, så det var godt å kome i gong og få spelt framfor eit skikkeleg og bra publikum igjen, sa Ulland Andersen.

Eirik Ulland Andersen har evna til å vere eit heilt angrep åleine til tider. Han var god mot Bryne, og og noterte seg også for eit frisparkmål. Eitt av mange denne vinteren. Foto: Per Werkland.