Dimna IL-utøvaren møtte opp i kantina til Sunnmørsposten under avisa sin årvisse julefrukost vesle julaftan, og fekk det synlege beviset på at han er årets idrettsutøvar på Sunnmøre. Warholm, som blir sett på som det største talentet i norsk friidrett på mange år, passa på å takke dei rundt han då han heldt takketale.
- Dette er veldig stas, og noko som anerkjenner det vi driv med, sa Warholm.
Gullgrossist og OL-deltaking
Karsten er eit kjent fjes heime i Ulstein og i Dimna IL, men har det siste året verkeleg blitt eit kjent fjes for resten av Norge også. Spesielt etter at det blei klart at han skulle til OL i Rio de Janeiro. Ei deltaking som førte til at han vann sitt heat og sette ny norsk rekord på 400 meter hekk, med tida 48,49. Han har elles i løpet av året sikra seg ikkje mindre enn sju gullmedaljar under NM, fire innandørs og tre utandørs.
Warholm bur no i Oslo, der han framleis representerer Dimna IL, men med ny trenar, Leif Olav Alnes. Han trener også regelmessig med tidlegare OL-vinnar Andreas Thorkildsen.
Så får ein sjå kva Karsten kan finne på under VM i London og U23-VM i 2017.
Fleire kjenningar blant tidlegare vinnarar
Det er fleire kjende og kjære namn på lista over tidlegare vinnarar. Vinnarar av det som tidlegare heitte Nordvestprisen har til dømes vore Kjetil Hasund (1965), Stig Rekdal (1966), Hallbjørn Hasund (1972), Åge Hareide (1980) og Knut Ertesvåg (1989). Etter at prisen fekk nytt namn, Sunnmørspostens idrettspris har lokale og kjende vinnarar vore Jan Åge Fjørtoft (1994), André Nevstad (2007) og Erika Skarbø (2008).