Hødd hadde sjansen til å halde trykket oppe i toppen av 3.-divisjon onsdag kveld. Heime på Høddvoll var HaNo motstandar, eitt av berre to lag Hødd tapte mot i vår, og eit lag Hødd nok var lystne til å få revansj over.

Søndag vart det ein sterk bortesiger mot Blindheim IL, og det kunne sjå ut til at Hødd hadde teke med seg ein dose sjølvtillit. Heimelaget tok kommando over banespelet frå start, men utan å skape dei heilt store sjansane i opninga.

Effektive Hødd

Kampens første skikkelege skudd på mål kom etter ti minutt, men det var også nok til å sende heimelaget i leiinga. Therese Holstad vart spelt fram på høgresida og prøvde seg med ei tidleg avslutning, som gjekk inn ved næraste stolpen.

HaNo heldt på å utlikne nesten umiddelbart etter ein dødball, men denne gongen kunne Hødd puste letta ut.

I staden gjekk Hødd opp i ei tidleg 2-0 leiing. Denne gongen vart ein litt lang ball spelt opp i bakrom, men Anna Nygård Thunem sette på turboen, passerte forsvaret og fekk kjempa til seg ballen. Ho fekk også med seg kula innover i 16-meteren og fekk sendt i veg eit skudd. Det fekk keeper slått unna, men der forsvaret stoppa opp hadde Thunem fortsatt. Ho fekk dermed ein enkel jobb med å pirke ballen inn i det tomme målet.

Det var ikkje ufortent med leiing til heimelaget, men heimelaget var effektive i starten på første omgangen.

Det skulle også bli meir å juble for. Etter ein fin stikkar inn i feltet klarte Pia Notanes Brandal å skaffe seg nok rom til å få avslutta. Skuddet var godt og gjekk inn via stolpen til 3-0.

Farlege dødballar

Heimelaget var effektive, men det kan også seiast om HaNo. Bortelaget skapte lite i den første omgangen, men hadde nokre småfarlege dødballar. Der hadde ikkje heimelaget heilt kontroll, og det straffa seg fem minutt før pause. HaNo fekk eit par cornerar på rad, og Hødd sleit med å få klarert. På eit skudd frå returromet klarte ikkje Hødd å halde unna og reduseringa var eit faktum.

I den andre omgangen heldt Hødd på å få ein knallstart. Laget hadde mykje ball og ein del tidlege sjansar. Etter ein corner beit Hødd seg fast og på ein av fleire returar sette Andrine Nevstad ballen i stolpen, men denne gongen blei det ikkje scoring.

Det var dødballar HaNo gjorde det på i denne kampen og etter 62 minutt kom ein ny redusering. Denne gongen fekk bortelaget frispark frå om lag 20 meter og Inga Rogne banka ballen i mål.

Hødd var nære ved å sette sitt fjerde etter 75 minutt. Oline Marø Sundgot og Anna Thunem kombinerte fint før sistnemte la ballen inn framom mål. Der venta Ine Sleipnes, men ho fekk ikkje avslutta skikkeleg og ballen spratt vekk frå mål.

Det var Hødd som heldt fram med å angripe, medan bortelaget hadde lite etablert spel, men Hødd klarte ikkje å spele seg til nok store moglegheiter.

Ikkje før Ine Sleipnes vart sendt på løp oppover høgresida fem minutt før slutt. Ho sette full gass inn i 16-meteren, venta ut keeper og sleppte ballen perfekt vidare til Anna Nygard Thunem som for andre gong i kampen kunne score på opent mål. Dermed 4-2 og kampen var så godt som avgjort.

- Bra kontroll

Hødd vann fortent i ein kamp der dei skapte mest, men laget såg sårbare ut på defensiv dødball.

- Ja, og det har vi vore alle tre kampane i haust. Defensiv dødball har vore eit problem og det må vi jobbe endå hardare med. Vi lagar også litt unødvendige frispark og sånt, men elles synest eg vi spelar bra. Fram til 3-0 er det stort sett eitt lag på banen, men vi blir nok litt for fornøgde med oss sjølve og inviterer dei litt inn i kampen igjen, seier trenar Ole Per Kragset.

Han fortel at planen var å gå ut for å punktere kampen kjapt etter pause, men sjølv om Hødd var nære så blei det meir spanande enn trenaren hadde håpa.

- I staden blir det 3-2 på eit frispark og då blir det litt stress og kaos. Vi har sjansar, men på 3-2 skal ikkje det meir til enn at vi får ein dødball imot. Eg føler likevel at vi har bra kontroll, sjølv om vi møter eit lag som er store og sterke samanlikna med våre jenter som er litt små, men styrken kjem etterkvart.

Små og kjappe spelarar treng heller ikkje å vere negativt, slik Ine Sleipnes og Anna Thunem viste på kampens siste scoring.

- Det er det vi får med dei angriparane vi har, dei kjem også endå meir til sin rett mot slutten, når bakromet blir større. Alt i alt ein grei kamp, seier Kragset.

Kampfakta:

3.-divisjon kvinner

Hødd - HaNo (3-1)

Høddvoll

Dommar: Abbas Tamimi (Ørsta IL)

Mål: 1-0 Therese Holstad (10), 2-0 Anna Nygård Thunem (13), 3-0 Pia Notanes Brandal (26), 3-1 (40), 3-2 (63), 4-2 Anna Nygård Thunem (85)

Hødd: Gro Elise Aksnes - Madelen Gustavsen, Vilde Sundal, Hannah Rekdal, Susann Brandal Kragset - Marte Aarsand Vik, Andrine Nevstad, Therese Holstad, Cecilia Bakke - Pia Notanes Brandal, Anna Nygård Thunem.

Innbytarar: Sigrid Petronille Pedersen, Ine Sleipnes, Oline Marø Sundgot.