Då Herd og Rosenborgs andrelag tjuvstarta den 11. serierunden i 2.-divisjon laurdag ettermiddag, var det fleire spelarar med fortid i Hødd som var på banen.

Medan heimelaget starta med ulsteinguten Havtor Hofset Skeide og sandssokninane Preben Sætre og Christoffer Rekdal, starta tidlegare Hødd-yndling Pål André Helland for Rosenborg.

Herd hadde også Eirik Heltne på benken, som unytta reserve.

Det var derimot Hellands Rosenborg som fekk mest å juble over.

Trønderane leia 1-0 til pause og sjølv om Petter Holand utlikna like før timen var spelt, drog gjestene sigeren i land i sluttminutta då Julian Rygh scora vinnarmålet.

Etter dette resultatet ligg Herd på ein 13. plass (nest sist) før Rødde skal i aksjon mot Gjøvik-Lyn søndag.

Tabellen