Torsdag kveld var det opningsstemne på Nye Ikornes stadion i Sykkylven. Dimna IL hadde med tre jenter i dette stemnet. Aller best gjorde 15-årsjentene Synne Stokkevåg Berg og Stine Sundgot det. Dei hoppa begge to over fem meter i lengde. Synne hoppa 5.03 meter og Stine 5.00. Dette plasserer dei på 6.- og 7.-plass på norgesstatistikken så langt i år. Det er berre to andre jenter/kvinner i Møre og Romsdal som har hoppa over fem meter i år. Dei ligg på 5.13 og 5.14. Jentene har forbetra seg kraftig i forhold til i fjor. Dei skal begge delta i Tyrvinglekene på Nadderud stadion om ei veke. Her vil det kunne vere med å kjempe i teten om alt klaffar. 15 år gamle Isabella Sundgot var også med i stemnet. Ho gjorde det best på 200-meter der ho fekk tida 29.71.

Ref. Dimna IL

Les også:

* Klare for Bislett Games