Allereie etter dag éin hadde Dimna IL sikra seg det første gullet under helgas junior-NM i friidrett. U18-verdsmeister Karsten Warholm hoppa til topps i høgdehopp, med eit besteforsøk på 2.03 meter.
Dette var tre centimeter høgare enn andreplassen.
Gull og sølv
Under dag to skulle medaljefangsten halde fram, både for Dimna og for Warholm. 17-åringen tok endå ein gullmedalje etter at han hoppa 7.22 meter i lengde.
Også Marthe Mjøen Berg var sulten på edelt metall, og sprang inn til sølvmedalje i 400m hekk på tida 63.96 sekund.
Dette var nesten to sekund bak vinnaren.
Tre medaljar
Meisterskapen vart avslutta søndag, men Dimna var ikkje ferdige med å sanke medaljar heilt enno.
Henrik Overvåg måtte bryte 100m grunna skade, men sprang inn til sølvmedalje i 200m på tida 22.37.
20-åringen vart snytt for gullmedaljen med hårfine 0.02 sekund til Jonathan Quarcoo. Grunna skade måtte Overvåg også stå over stafetten.
Betre gjekk det med Warholm som tok endå eit gull, denne gongen i 110m hekk. Tida hans heldt til 14,72, som var knappe 0.18 sekund betre enn andreplassen.
Men Warholm var ikkje ferdig og tok også ein sølvmedalje i tresteg. Dimna-guten fekk ei bestenotering på 14,14 meter, berre tre centimeter bak vinnaren.
Andre resultat:
* Renate Grimstad enda på 4. plass i lengde med eit hopp på 5.28 meter.
* Joakim Sundgot Gustavsen tok seg heilt til finalen i 800m, men enda på ein sisteplass - om lag åtte sekund bak vinnaren.
* Hallbjørn Hasund Thorseth kom også til finalen i 110m hekk, men enda om lag 1.5 sekund bak Warholm som vann øvinga.
* På stafetten enda Dimna på ein 4. plass. Kristian Mork, Hallbjørn Hasund Thorseth, Karsten Warholm og Joakim Sundgot Gustavson var dei som sprang for Dimna.