Etter planen skulle Olympiatoppen offentleggjere namna på dei siste norske deltakarane som får vere med til OL i Rio de Janeiro komande sundag. No er det likevel klart at offentleggjeringa blir framskunda til ei pressekonferanse fredag 15. juli.

Ifølgje Olympiatoppen meiner at sidan uttaket likevel ville vere klart før helga vil det vere gunstig for alle involverte at ein kan offentleggjere dei endelege troppane til OL fredag i staden for sundag.

Under pressekonferansen på Olympiatoppen vil mellom anna Karsten Warholm verte teken ut i OL-troppen. Han leverte norsk rekord på 48,84 under EM i Amsterdam, og var samstundes 46/100 under det nasjonale OL-kravet på 49,30. Det internasjonale OL-kravet på 400 meter hekk er 49,40. Per dags dato er Karsten Warholm på 10. plass på verdsstatistikken for 2016 på 400 meter hekk.