Erik Sandal går inn i sin 11. sesong i Hødd. Han er den av dagens Hødd-spelarar som har klart flest kampar for klubben, og den som har vore lengst i Hødd. Det vil seie at Sandal er ein av dei verkelege kontinuitetsberarane i klubben.

– Det har vore både oppturar og nedturar i løpet av desse åra, og frå då eg kom til Hødd til no, så har det blitt ein heilt anna klubb. Til det betre.

Erik Sandal meiner Hødd har utvikla seg mykje, både sportsleg og økonomisk, sidan han kom til Ulsteinvik i 2005.

– Vi er på rett veg, og det er veldig positivt for meg som har vore her så lenge at ein ser den forandringa.

Sandal har vore med på alle dei store Hødd-oppturane dei siste åra, med NM-gull i 2012, kamp om opprykk i 2013, samt Europacupspel.

– Det er i hovudsak dei store oppturane, og sjølvsagt debuten. Den var veldig spesiell, med veldig mykje sommarfuglar, så den hugsar eg veldig godt.

Spelte 20 minutt på eitt år

Men etter ein del store opplevingar med Hødd dei seinaste åra, gjekk det gale for Sandal i romjula 2013. Eit brot i foten førte til at midtbanespelaren måtte operere fleire gongar.

I slutten av august var Erik Sandal endeleg tilbake for Hødd på Høddvoll, då han fekk i overkant av 20 minutt mot Sandefjord. Dessverre blei det med den eine kampen for førstelaget, før Sandal måtte kjempe med ei ny skade.

– Det var eit veldig spesielt år. Eg trudde eg endeleg var tilbake i august, at ein skulle vere med å kjempe om plassen på laget. I staden blei det eit skikkeleg slag i trynet, der ein nesten ikkje klarte å gå to dagar etter kampen. Då var eg langt nede oppe i hovudet. Det blir ei enorm mental påkjenning.

Sandal fortel at sjølv om han har vore gjennom fleire operasjonar det siste året, så er det den mentale biten som har vore tyngst.

– Å trene seg opp att har eigentleg vore ei glede, for då har eg hatt noko å sjå fram til.

Sandal fortel at sjølv om han var langt nede då det vart klart at han måtte til på ei ny opptrening, så mista han ikkje motivasjonen av den grunn.

– Eg fekk kjenne litt på fotballsmaken og kor mykje det betyr. Eg var så gira på å kome tilbake.

31-åringen fortel at han byrja å spele fotball som 5-åring, og at han enda opp med å bryte foten på første trening.

– Eg har sagt til meg sjølv at eg ikkje skal ende karrieren mi med eit beinbrot.

Gode støttespelarar

Med så lange skadeavbrot som Sandal har vore ute med, har det vore godt å ha nokon å støtte seg på.

– Sambuaren har vore saman med meg så lenge, og kjenner meg så godt at når eg er langt nede, så har ho vore veldig flink til å motivere meg. Og så har vi hatt noko å sjå fram til med ein baby som vi fekk tidlegare i år.

Sandal seier sambuaren har vore veldig viktig på dei tunge dagane.

– Når ting ikkje har fungert så har ho motivert meg, og i tillegg så har eg ein far som har følgt meg veldig godt opp. Det er i hovudsak dei to som har betydd veldig mykje i desse opptreningsperiodane.

– Far min var fotballspelar sjølv, og då han var 18 så knuste han foten. Han veit kor tungt det er å kome tilbake. Dei sa han ikkje kom til å gå igjen, men han skulle gå. Det set ting i perspektiv, og ein ser at min skade var ikkje så gale, og at ein kan trene seg tilbake.

Sandal seier også at Hødd sin fysiske trenar, Manu Torres, har hatt eit viktig arbeid med å følgje opp den skadde spelaren og legge til rette treninga på best mogeleg måte.

Skal kjempe om plassen

Sandal har blitt spelt forsiktig inn i Hødd-laget, med korte innhopp i fleire av treningskampane.

– Målet mitt er å kjempe om ein fast plass, sjølv om konkurransen er veldig tøff. Det er ikkje berre å spasere inn i laget.

Den konkurransen meiner Sandal berre er sunn.

– Vi er ei prestasjonsgruppe. Kanskje er ikkje alle på topp heile tida, og då er det andre som er i betre form som kan kome inn. Vi må jobbe knallhardt kvar einaste dag.

Denne artikkelen er ein del av seriestartmagasinet til Vikebladet Vestposten som kom ut i papirutgåva av avisa 26. mars. Du kan lese heile avisa som eavis eller sjå seriestartmagasinet i digital utgåve.