Hødd tok umiddelbart styringa i kampen og hadde ei rekkje forsøk på langskot dei første 10 minutta. Den største sjansen kom då Erik Sandal banka til på volley frå 20 meter etter 5 minutts spel. Avslutninga gjekk diverre ein halv meter utanfor. Sandefjord hadde eit par farlege cornerar, men Hødd fekk rydda opp kvar gong.
Dei neste 20 minutta var det få sjansar og låg treffprosent i siste fase av angrepsspelet som prega kampen.
Etter 36 minutt fekk Yaw Amankwah stå åleine i boksen på eit innoverskrudd frispark frå høgre. Spissen sendte heldigvis for Hødd ballen langt over.
Dei siste 10 minutta av 1. omgang var det lite som skjedde på Høddvoll. Begge lag hadde nestensjansar, men laga gjekk til pause på stillinga 0-0.
Avgjorde tidleg i andre omgang
Andre omgang var 8 minutt gamal då Hødd skåra kampens einaste mål. Kjell Rune Sellin fossa nedover kanten og fekk slått ut til Fredrik Aursnes. Aursnes vendte vekk ein Sandefjord-spelar og slo ut til Vegard Heltne som stod på 10 meter og breisida ballen i mål for Hødd.
Den neste store sjansen kom 20 minutt seinare då Erik Sandal slo gjennom Espen Standal på løp. Avslutninga til spissen gjekk midt på Iven Austbø i Sandefjord-målet.
Etter dette hadde Hødd nokre halvsjansar, men det var Sandefjord som førte kampen og jakta livsviktig mål i sin opprykkskamp. Men Hødd forsvarte seg godt og kunne juble for eittmålsiger foran 1456 tilskodarar på Høddvoll.
Hødd ligg med dette øvst av dei fire laga som kjempar mot nedrykk til 2. divisjon. Hødd, Tromsdalen og Bryne har like mange poeng (35), men Hødd har best målforskjell.
Strømmen ligg per dato på den øvste nedrykksplassen med 34 poeng. Her er alt ope i siste runde, der Hødd møter Bodø/Glimt på bortebane.
Kampfakta:
Adeccoligaen 2012, runde 29
Hødd - Sandefjord 1-0 (0-0)
Mål: Vegard Heltne (53.)
Dommar: Jan Morten Tennøy, Nore Neset IL
Gult kort: Fredrik Aursnes, Victor Grodås og Tijan Jaiteh (Sandefjord).
Hødd(4-2-1-3): Ørjan Nyland - Akeem Latifu, Fredrik Klock, Steffen Moltu, Victor Grodås - Sivert Nilsen, Fredrik Aursnes - Erik Sandal - Kjell Rune Sellin, Espen Standal (Bendik Torset 76.), Vegard Heltne (Thomas Lid Kleppe 88.).
Les også: