Ungdomsmesterskapet i friidrett i Overhalla er godt i gang, og Dimna IL har ein stor delegasjon med seg til meisterskapet.

Fredagen var det klart for hødekonkurranse. Kornelia Roppen tok bronse med eit hopp på 1,47 meter. Dette er Kornelia sin første individuelle meisterskapsmedalje, ifølgje klubbtrenar Arve Hatløy.Det vart også nokre fjerdeplassar på andre Dimna-utøvarar. Johanne Rise Kvalen (18) blei nummer fire i lengde med eit byks på 5,41 meter - berre åtte centimer frå pallen. Søstera Oline Rise Kvalen blei også nummer fire, i sin spydkonkurranse. Ho kasta 29,82 meter.

Den tredje fjerdeplassen tok Anna Kleven på 300 meter hekk. Ho sette ny personleg rekord med resultatet 47,19 sek.

- Det var ein solid pers på ei litt småsjuk Anna, fortel Hatløy.

15-åringane Elise Garnes Kleven og Elin Skavnes Våge varma opp til sleggekonkurransen laursag med å kaste diskos i fredag. Elise kasta 19,45 meter medan Elin fekk opp eit kast på 21,28 meter. Det er litt bak personleg rekord på begge jentene.

- Dei lovar å kome sterkare tilbake på slegge i morgon, fortel Arve Hatløy.

UM-gull

Det var også sprintkonkurransar fredag. Jonas Andre Ose var venta ein grei veg til finalen på 100 meter. Det gjekk også heilt fint. Sture Måseide blei diverre slått ut i forsøket på 100 meter, på tida 12,33 i lett motvind.

UM-fredagen blei avslutta med eit imponerande UM-gull til Jonas Andre Ose, på nettopp 100 meter. Han sprang i mål på tida 11.28, i lett motvind.

- Han har vore sjuk heile veka, og valde difor å stå over 300 meter hekk, seier Arve Hatløy.

Mats Fredriksen sprang inn til ein fin femteplass på 1.500 meter hinder, på tida 4.44,53.

Kornelia Roppen tok ein bronsemedalje i høgde, hennar første individuelle meisterskapsmedalhe. Foto: Arve Hatløy.