Kampen enda til slutt 4-3 til AaFK etter at gjestene leia 2-1 ved pause. Høddgutane (G16) opna kampen godt og pressa AaFK kraftig dei første 10-15 minutta. Men ei rask kontringar av gjestene etter om lag eit kvarter gav 1-0. Like etter auka AaFK til 2-0 etter corner. Mot slutten av omgangen reduserte Eirik Heltne til 2-1 - etter at han vende fint opp og skaut hardt frå om lag 16 meter. Andre omgang starta med eit fatalt tilbakespel mot keeper frå ein høddspelar. Ein aafk-ar snappa og gjorde 3-1. Deretter følgde ei sterk høddperiode, der den raske spissen Erlend Thorseth laga mykje uro i AaFK-forsvaret. Først scora han sjølv åleine med keeper. Så skaffa han straffe - som lagkaptein Martin Haanes sette sikkert i mål. På stillinga 3-3 var Thorseth igjen åleine med keeper, men klarte ikkje å score. Like etter at AaFK avgjorde kampen til 4-3, sette Eirik Heltne eit frispark frå nesten 30 meter knallhardt i tverrliggjaren og ned. Dette var ein kamp mellom to gode gutelag. Sjansestatistikken enda 10-10. Best på Hødd var Eirik Heltne og Erlend Thorseth. Backen Steven Urke spelte også ein god kamp.