Hødd, som har lag i niarserien, opna med å spele 1-1 mot Træff for så å vinne heile 6-0 over Volda. I dei to andre kampane denne fredagen vann Træff 3-0 over Herd, medan Herd slo Volda 6-3.

Dermed har Hødd 4 poeng på 2 kampar og målforskjellen 7-1. Træff har same poengsum, men 4-1 i målforskjell.

Åslaug Helvig, Hødd, er så langt toppskorar i turneringa med 3 mål. Caroline Overvåg, Hødd, har 2 mål - tilliks med tre andre spelarar.

Det blir nye kampar 10. februar, 17. februar og 11. mars. 11. mars er det også sluttspel.

Hareid har med eit lag i sjuarserien. Dei tapte sine to første kampar med 6-2 for Valder og 11-0 for Skarbøvik.