Denne helga arrangerer Dimna Idrettslag Tredvekamp i friidrett på Høddvoll stadion og Dimna Grendahus. Den tre dagar lange styrkeprøva vil starte fredag ettermiddag med 60m, 100m, høgde og 3000 meter, etter dette vil deltakarane forflytte seg til Dimna Grendahus der det vert Team Athletic-øvingar.

Den allsidige tevlinga vil halde fram tidleg laurdags morgon og ikkje vere ferdig før søndag.

Alle over 13 år er velkomne til å delta.

Dei 25 beste øvingane vert gjeldande i samandraget, men skal ein kome på den endelege resultatlista må ein fullføre alle øvingane.

Vinnaren av mangekampen får tittelen "Meister" heilt til neste år.