Han gjekk ikkje akkurat stilt i dørene då han forsvann frå Høddvoll. Etter ti kampar for Hødd i Tippeligaen i 1995, pluss ein sesong i 1.-divisjon året etter var det slutt på spelarkarrieren i Hødd for Arild Sundgot.
– Eg er 100 prosent sikker på at eg spelar for LSK neste sesong. Eg ser ingen grunn til at Hødd skal halde meg her når eg ikkje vil spele for klubben.
Det sa då 18 år gamle Arild Sundgot til Vikebladet Vestposten 5. desember 1996. Sundgot og Lillestrøm hadde underteikna ein 3-årig intensjonsavtale, utan at LSK hadde kome til einigheit med Hødd om ein avtale.
Men Sundgot fekk rett, og i januar 1997 vart han klar for gultrøyene. LSK betalte Hødd 900.000 kroner, ein solid sum på den tida, men dei fekk også godt utbytte. I løpet av sine 15 sesongar som spelar på Åråsen scora Arild Sundgot 109 mål i serien, 26 i cupen, to i Europa og to i Royal League, og er LSK sin mestscorande spelar gjennom tidene. Frode Kippe er den einaste som har fleire kampar.
Passa perfekt
Men no er tida komen for å finne tilbake til røtene, til Ulsteinvik, og til Hødd.
– Det var litt styr der og då, men eg var fast bestemt på å gå vidare i karrieren. No er det gått 20 år og eg har tenkt i mange år på at vi kanskje ein dag skulle flytte heim, og no passa det perfekt for familien vår, seier Arild Sundgot etter å ha blitt presentert som ein del av Hødd sitt trenarteam for 2017-sesongen.
Les også: - Handlar om eit sterkt kjærligheitsforhold til klubben
– André (Nevstad) og Sindre (Eid) kom med eit spanande prosjekt som eg hadde lyst å vere med på. Vi skal kome litt tilbake til det som Hødd står for, og eg skal prøve å hjelpe mange unge og lovande spelarar til å verte gode fotballspelarar.
Skal hjelpe dei unge inn på A-laget
For etter den lange og flotte spelarkarrieren i Lillestrøm har Sundgot jobba spesielt med talentutvikling i Tippeligaklubben. Der jobba han som toppspelarutviklar i fire og eit halvt år, før han det siste halve året har vore assistenttrenar for Runar Kristinsson og Arne Erlandsen.
– Saman med desse tre andre skal vi skape resultat med A-laget. Det er ein viktig bit, og i tillegg skal eg prøve å jobbe for at vi får opp fleire frå eigne rekkjer. At eg kan bidra med mi erfaring frå Lillestrøm og toppnivået, slik at vi kan hjelpe dei unge spelarane opp på A-laget og til å verte gode Hødd-spelarar, og kanskje også nå endå lenger, seier Sundgot.
– Det er det vanskelegaste steget, frå juniorfotball og inn i A-laget. Eg føler at eg har god kompetanse til å hjelpe dei til å ta det siste steget.
Og for eit Hødd-lag som dei siste åra har fått kritikk for å få gjennom for få eigne spelarar høyrest det svært lovande ut.
– Signala eg har fått er at Hødd ønskjer å få fram endå fleire eigne spelarar. Då treng ein kompetanse og det er nokre krav ein må sette til spelarane, i tillegg til å gje dei den støtta dei treng for å ta det siste steget. Det er eit stort steg og det er her dei fleste mislukkast.
Hadde tilbod i LSK
For Arild Sundgot, som seier han har to klubbar i hjartet, Hødd og LSK, så var det ikkje berre enkelt å seie farvel til Romeriksklubben etter 20 år.
– Det er alltid vanskeleg med slike ting. Eg hadde tilbod om toårskontrakt med Lillestrøm som assistenttrenar. Det var ei vanskeleg avgjerd, men Sindre og André overbeviste meg om det Hødd-prosjektet vi no skal inn i, der vi vil satse på våre eigne og skape eit godt fotball-lag med våre eigne, og då bikka det denne vegen og det er eg glad for i dag, seier Sundgot.
Etter mange år borte frå Ulsteinvik og Hødd er det mykje som er nytt i klubben, og Sundgot vil trenge litt tid på å sette seg skikkeleg inn i spelarane som er i klubben.
– Eg har sett nokre kampar på TV, og såg ein heimekamp her i fjor. Nokre kampar har eg sett, men eg må sette meg inn i både A-stallen og juniorstallen, bli kjent med spelarane og trenarane i klubben.
Men trenarteamet han skal vere ein del av kjenner Sundgot godt til.
– Dei kjenner eg veldig godt, eg har spelt med både Sindre og André, og har teke trenarkurs saman med Sindre. Eg og André har jo også snakka laust og fast om framtida dei siste fem-seks-sju åra. Eg trur nok både eg og han har håpt at det ein dag skulle klaffe, og det har det gjort no. Eg kjenner meg trygg på at vi skal få eit veldig godt samarbeid, seier Sundgot.