Åge Remøy og Rem Offshore vil gjerne vere ein støttespelar for fotballen og handballen i Bergsøy IL.

Avtalen gir pengar til både fotball- og handballgruppa.

- Bergsøy IL Fotball har som visjon å bidra til å gjere Herøy kommune til ein endå betre stad å bo, og dette bidraget frå Rem Offshore vil vere eit viktig bidrag i vårt arbeid. Det utruleg dyktige næringslivet vi har her i distriktet er avgjerande for at vi skal nå våre målsetjingar i samsvar med vår visjon, og det er veldig hyggeleg at vi no også får Rem Offshore med på laget, seier styreleiar Geir Johan Bakke i Bergsøy IL Fotball ein kommentar.