Henrik Overvåg sette norsk aldersrekord på distansen som 15-åring i fjor med 22.54. Den norske aldersrekorden på 200-meter for 16-åringar er på 22.05, prestert av Eivind Seland på Voss i 1988. Overvåg-tida 22.80 plasserer han på 24.-plass gjennom tidene i denne aldersklassa, og mykje ligg til rette for sterkt avansement når forholda blir betre enn det dei var på Høddvoll laurdag. Det var motvind i alle kortløpa.

Dimnaleikane held fram i dag. Vi tek med dei resultata i laurdagsstemnet som gir meir enn 950 Tyrvingpoeng:

G-10 Høgde

1) Iver Saunes Moldskred, Dimna IL 1,20 (965)

G-11 60 m hekk - 60,0 6m

(-1.5 sek.m. motvind)

1) Simon Grimstad Hareid IL 10,90 (952)

G-14 200 m

( -1.5 sek.m. motvind)

1) Karsten Warholm Dimna IL 25,37 (984)

2) Kristoffer Øvrelid Hasfjord Hareid IL 25,46 (976)

G-14 Kule - 4,0kg

1) Kristoffer Øvrelid Hasfjord Hareid IL 13,00 (970)

G-16 200 m

(0,3 sek.m. motvind)

1) Henrik Overvåg Dimna IL 22,80 (1063)

2) Sondre Nyvold Lid Molde-Olymp IL 23,38 (1010)

G-16 800 m

1) Ådne Andersen Hareid IL 2.02,50 (955)

G-18/19 200 m

(3,1 sek.m. motvind)

1) Simon Rønsholm Sandvik Molde-Olymp IL 22,53 (1010)

J-12 Kule (2,0kg)

1) Kristina Thunem Fiskå IL 10,17 (1005)

J-14 200 m

(1,5 sek.m. motvind)

1) Hannah Marie Skjeret Ørsta IL 27,10 (1007)

J-17 100 m hekk - 76,2 cm/ 8,5 m

(1,2 sek.m. motvind)

1) Marthe Mjøen Berg Dimna IL 15,08 (990)

J-18/19 100 m hekk

(1,2 sek.m. motvind)

1) Renate Grimstad Dimna IL 15,14 (971)