"Du må vite at det er du som står i speilet", var ei av fleire formuleringar då landslagssjef i fotball Åge Hareide skisserte for idrettslinjeelevane ved Ulstein VS kva komponentar som trengs for å få sportsleg framgang. Energiske Åge hadde sett av to morgontimar i det fullsette UVS-amfiet torsdag denne veka. Sjølvbildet er ein av fleire komponentar som formar eit individ. Når det bikkar over, som det gjorde då John Arne Riise vann Champions League med Liverpool og kjøpte seg Ferrari og hengde medaljen på sladrespegelen, blir fokuset lett feil. - Men dette har John Arne tek fatt i på ein flott måte, la landslagstrenaren til og karakteriserte Ole Gunnar Solskjær sitt sjølvbilde med at han "set seg ut-på Grip". Meir om landslagssjefen si gjesting på UVS i laurdagsavisa.
Sport →
- Du må vite at det er du som står i speilet
Åge Hareide snakka til idrettslinje-elevane på UVS