Anita Waage er identisk med hareidsjenta som tok NM-gull for Trondheims-Ørn og VM-gull med det norske kvinnelandslaget. I følgje Hareid I.L. si 75-årsjubileumsbok debuterte Anita på Hareid sitt damelag i 1986 og spelte 85 kampar og skora 48 mål for klubben før ho melde overgang til Spjelkavik - for så å reise vidare derifrå til Trondheims-Ørn. Med Hareid var ho med opp i landets nest øvste divisjon i 1989. Men då Hareid rykte ned melde Anita overgang til Spjelkavik. No er ho tydelegvis godt i veg med ein ny karriere - som trenar. Vi gratulerer!